17. mai i Austrheim

Bli med på bilrebus frå Austrheimhallen 17. mai

Detaljar rundt arrangementet:

  • 17. mai 2022 kl 18:00 - 20:00
  • Oppstart og avslutning ved Austrheimhallen

6. klasse ved Årås skule ønskjer alle velkomen til bilrebus 17. mai. Bilrebusen startar ved Austrheimhallen kl 18:00, og tek deltakarane med rundt omkring i Austrheim gjennom ulike postar med varierte oppgåver.

Rebusen passar for heile familien. Når postane er gjennomførte, køyrer ein attende til hallen og får ein link der ein leverer svara digitalt. Vinnarar vert publiserte på kommunen si heimeside.

Det kostar 200 kroner pr. bil å vera med. Påmelding innan mandag 16. mai kl. 16.00, dette gjer ein ved å vippsa 200 kroner til 557858 (FAU Årås skule).

Arrangørane kan frista med flotte premiar, både vinnarpremie og trekning av deltakarpremiar.

Kontaktpersonar:

  • Brita Wiik tlf: 48127736
  • Kathrine Sætre tlf: 41219673
  • Elisabeth Jensen Risnes tlf: 98822075

17. mai-program Austrheim

Klokka 07.00 - Salutt for dagen v/Tore Håland
Klokka 10.00 - Festgudsteneste v/Rune Minde. Offer: Kirkens Nødhjelp
Klokka 10.50 - Minnestund ved bautaen

                    Minnetale og diktlesing v/elevar i 6. klasse ved Årås Skule

                    Austrheim skulekorps speler

Klokka 11.15 - Oppstilling i 17. mai toget

                    1. Flaggborg

                    2. 6. klasse med foreldre

                    3. Austrheim skulekorps

                    4. Barnehagen

                    5. 1-4. klasse (klassevis)

                    6. 5-6. klasse

                    7. Bygdefolk

                    Avmarsj Nordliheimen

Klokka 11.45 - Ved Nordliheimen

                    Tale for dagen v/ Bjørnar Fjellhaug

                    Song ved 1-4. klasse

                    Austrheim skulekorps spelar

                    Appell v/russepresent Malene Lundal Gjerd

Klokka 12.30 - Kafeen opnar på samfunnshuset

Klokka 14.00 - Leikar for born og vaksne

Klokka 15.50 - Avslutning med premieutdeling

Klokka 18.00 - Bilrebus. Kjem info på eiga facebookside, sjå også over. 

17. mai-program Kaland

Klokka 07.00 - Salutt

Klokka 08.00 - Flaggheising

Festgudstjeneste i Lindås kyrkje og Austrheim kyrkje

Klokka 11.30 - Folketoget stiller opp på skuleplassen:

  1) Flaggborg

  2) 5. klasse m/foreldre

  3) Kaland skulemusikklag

  4) Barnehagen

  5) 1. – 7. klasse

  6) Bygdefolket

Klokka 11.40 - Tog til  Leirvågen.
Kransnedlegging og syng «Fagert er landet»

Klokka 12.30 - Toget tilbake på skulen.

  1) Tale for dagen v/Annicka Westerfors Sletten 

  2) 5. klasse les dikt

  3) Alle syng «Ja vi elsker»

Klokka 13.00 - Kaféen opnar og leikane startar

Klokka 15.45 - Annonsering av premiar

Klokka 16.00 - Vel heim


Sist oppdatert: 11.05.2022
Publisert: 09.03.2022