17. mai i Austrheim
Bli med på bilrebus frå Austrheimhallen 17. mai
Detaljar rundt arrangementet:
- 17. mai 2022 kl 18:00 - 20:00
- Oppstart og avslutning ved Austrheimhallen
6. klasse ved Årås skule ønskjer alle velkomen til bilrebus 17. mai. Bilrebusen startar ved Austrheimhallen kl 18:00, og tek deltakarane med rundt omkring i Austrheim gjennom ulike postar med varierte oppgåver.
Rebusen passar for heile familien. Når postane er gjennomførte, køyrer ein attende til hallen og får ein link der ein leverer svara digitalt. Vinnarar vert publiserte på kommunen si heimeside.
Det kostar 200 kroner pr. bil å vera med. Påmelding innan mandag 16. mai kl. 16.00, dette gjer ein ved å vippsa 200 kroner til 557858 (FAU Årås skule).
Arrangørane kan frista med flotte premiar, både vinnarpremie og trekning av deltakarpremiar.
Kontaktpersonar:
- Brita Wiik tlf: 48127736
- Kathrine Sætre tlf: 41219673
- Elisabeth Jensen Risnes tlf: 98822075
17. mai-program Austrheim
Klokka 07.00 - Salutt for dagen v/Tore Håland
Klokka 10.00 - Festgudsteneste v/Rune Minde. Offer: Kirkens Nødhjelp
Klokka 10.50 - Minnestund ved bautaen
Minnetale og diktlesing v/elevar i 6. klasse ved Årås Skule
Austrheim skulekorps speler
Klokka 11.15 - Oppstilling i 17. mai toget
1. Flaggborg
2. 6. klasse med foreldre
3. Austrheim skulekorps
4. Barnehagen
5. 1-4. klasse (klassevis)
6. 5-6. klasse
7. Bygdefolk
Avmarsj Nordliheimen
Klokka 11.45 - Ved Nordliheimen
Tale for dagen v/ Bjørnar Fjellhaug
Song ved 1-4. klasse
Austrheim skulekorps spelar
Appell v/russepresent Malene Lundal Gjerd
Klokka 12.30 - Kafeen opnar på samfunnshuset
Klokka 14.00 - Leikar for born og vaksne
Klokka 15.50 - Avslutning med premieutdeling
Klokka 18.00 - Bilrebus. Kjem info på eiga facebookside, sjå også over.
17. mai-program Kaland
Klokka 07.00 - Salutt
Klokka 08.00 - Flaggheising
Festgudstjeneste i Lindås kyrkje og Austrheim kyrkje
Klokka 11.30 - Folketoget stiller opp på skuleplassen:
1) Flaggborg
2) 5. klasse m/foreldre
3) Kaland skulemusikklag
4) Barnehagen
5) 1. – 7. klasse
6) Bygdefolket
Klokka 11.40 - Tog til Leirvågen.
Kransnedlegging og syng «Fagert er landet»
Klokka 12.30 - Toget tilbake på skulen.
1) Tale for dagen v/Annicka Westerfors Sletten
2) 5. klasse les dikt
3) Alle syng «Ja vi elsker»
Klokka 13.00 - Kaféen opnar og leikane startar
Klokka 15.45 - Annonsering av premiar
Klokka 16.00 - Vel heim