Fritidskontakt

Treng du fritidskontakt?

Støttekontakt er eit tilbod til personar i alle aldersgrupper som har behov for sosialt samvær, eller som treng støtte for å delta i aktivitetar utanfor heimen.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. 

Lever søknad og vedlegga på Servicekontoret på kommunehuset, eller til Forvaltningskontoret på kommunehuset.

Du kan òg senda dei til:

Austrheim kommune
Forvaltningskontoret
Sætremarka 2
5943 Austrheim

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
  • Vi prøver å svare deg innan 14 dagar. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist for fritidskontakt. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.

Kva kostar det?

Det er gratis å ha støttekontakt. Du må dekke dine eigne utgifter til aktivitetar som du og støttekontakten er med på ilag.

Har du følgjekort, kan støttekontakten din få gratis eller rimelegare inngang mange stader.

Kva får du?

Tenesta skal hjelpe deg til ei meiningsfull fritid og samvær med andre.

Dersom du ønskjer det, kan støttekontakten:

  • Komme heim til deg
  • Bli med på kino
  • Bli med på trening eller andre sosiale aktivitetar med meir

Krav til søkjar

Det er ingen formelle krav for å få fritidskontakt. Tenesta er for alle som treng eit slikt tilbod.

Du treng ikkje å søkje om fritidskontakt dersom du bur i omsorgsbustad. Då er denne tenesta inkludert i tilbodet du allereie får av kommunen.

Kontakt oss

Vi har ope kvardagar mellom klokka 08.00 og 15.00.

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Klage på vedtaket

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

Vil du bli fritidskontakt

Som fritidskontakt får du godtgjerdsle frå kommunen for å hjelpe eit anna menneske som treng støtte til å få ein meir aktiv, meiningsfull og sosial fritid.

Mange treng fritidskontakt. Nokon klarar ikkje å kome seg ut på eiga hand, andre treng hjelp til å meistre ulike aktivitetar. Dei som treng fritidskontakt er ulike og difor treng me ulike fritidskontaktar!

Kven kan bli fritidskontakt?

  • du bør vere minst 18 år
  • du må kunne leggje fram politiattest
  • du må vere trygg på deg sjølv og like å vera saman med andre
  • du bør vere tolerant og fleksibel, men samstundes evne å sette klare grenser
  • For å skape trygge rammer kring den du skal hjelpe, er det ein fordel om du bitt deg for minst eitt år.

Slik søkjer du om å bli fritidskontakt

I søknaden skriv du litt om deg sjølv. Kva erfaring, utdanning og fritidsinteresser har du? Kva brukarar vil du helst jobbe med? Eksempel på brukargrupper kan vere psykisk utviklingshemma, barn og ungdom, funksjonshemma, eldre, menneske med psykiske lidingar eller menneske frå andre kulturar.

Lever søknaden og vedlegga på servicekontoret eller send dei til:

Austrheim kommune,
Sætremarka 2
5943 Austrheim

Kva skjer når du har søkt?

  • Vi prøvar å svare deg innan fire veker.
  • Vi kallar deg inn til ein ein samtale for å finne ut meir om deg og gi deg meir informasjon om det å vera støttekontakt.
  • Dersom vi ikkje har nokon ledige oppdrag når du søkjer, legg vi søknaden din til side og finn han fram når vi har behov for nye støttekontaktar. 

Kontakt oss

Vi har ope kvardagar mellom klokka 08.00 og 15.00.

  • Hege B. Sætre, tlf. 56162124 / 4037532 (personar over 18 år)
  • Monika Kvamme, tlf. 56162023 (born og unge under 18 år)

Sist oppdatert: 02.09.2022
Publisert: 08.11.2018