Søkje avlastning

Søkje avlasting i privat heim

Avlasting i privat heim er for barn og unge med spesielle behov. Tenesta er ei førebyggjande teneste  for familie og personar med særleg tyngjande omsorgsoppgåver. Austrheim kommune har ansvar for oppfølging av formell avtale med avlastingsheimen og vil tilby rettleiing ved behov.

Får eller treng du andre avlastingstilbod frå kommunen, vil vi samordne desse.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga i Servicekontoret på kommunehuset, eller send dei til:

Austrheim kommune
Forvaltningskontoret
Sætremarka 2
5943 Austrheim

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøkje deg.
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarar det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.

Kva kostar det?

Det kostar ingenting å motta denne tenesta.

Kva får du?

  • han eller ho som yter omsorga får avlasting for særleg tyngjande omsorgsoppgåver
  • omsorgsytar får nødvendig fritid
  • omsorgsytar får høve til å delta i samfunnsaktivitetar

Krav til søkjar

  • du må ha behov for særleg tyngjande omsorgsoppgåver som i hovudsak blir tatt hand om av familie eller andre omsorgspersonar
  • du som treng omsorga må bu heime
  • du må sende med kopi av vedtak om hjelpestønad
  • du som mottar avlasting må ha med nødvendig personleg utstyr, medisin og hjelpemidlar som blir brukt dagleg
Søkje avlastning i Vestlia

Dette er hjelp til pårøande med særleg tyngjande pleie- og omsorgsoppgåver. Du kan søkje avlasting for ein eller fleire periodar. Du kan også søkje om rullerande avlasting. Målet med avlastingsopphald  er å utsetje behovet for ein institusjonsplass, slik at du kan bu heime lengst mogleg.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på i Servicekontoret på kommunehuset, eller send dei til:

Austrheim kommune
Forvaltningskontoret
Sætremarka 2
5943 Austrheim

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøkje deg.
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarar det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Søknadsfrist

Søknadsfrist for rullerande avlastning er 1. september kvart år. Vi gir vedtak om avlasting for eitt år om gangen.

Andre søknadar behandlar vi etter kvart som dei kjem inn til oss.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis. Det er ikkje eigenbetaling for denne tenesta.

Kva får du?

  • du får forsvarleg helsehjelp
  • du kan delta på sosiale aktivitetar i institusjonen
  • du får alle måltider
  • omsorgsytar får avlasting for særleg tyngjande omsorgsoppgåver

Krav til søkjar

  • du får hjelp frå familie eller andre omsorgspersonar til mange, krevjande omsorgsoppgåver
  • du bur heime
  • du må sjølv ta med personleg utstyr, medisin og hjelpemidlar som du treng i kvardagen
  • du har ikkje rett på transport, men kan be fastlegen din om å skrive ut drosjerekvisisjon

Kontakt oss

Vi har ope kvardagar mellom klokka 08.00 og 15.00.

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.


Sist oppdatert: 11.02.2021
Publisert: 23.11.2018