Hjelpemiddel

Om du har behov for hjelpemiddel, er det fleire ulike søkjeprosessar.

Slik søkjer du

Langvarig eller varig hjelpemiddel

Treng du varig hjelpemiddel eller hjelpemiddel over lang tid (2 år eller meir), må du sende eit tilvisingsskjema til ergoterapeut.

Skjemaet finn du her (pdf). 

Send søknaden til:

Austrheim kommune
v/Ergoterapi
Sætremarka 2
5943 Austrheim

Ergoterapeut/fysioterapeut sender søknad til Hjelpemiddelsentralen, som svarer direkte til deg. 

Kortvarige hjelpemiddel

Treng du hjelpemiddel for ein kort periode (inntil to år) er det mogeleg å låne hjelpemiddel. Austrheim kommune har eit lite lager med praktiske hjelpemiddel tilgjengeleg.

Typiske hjelpemiddel du kan få låne i ein kort periode er rullator, dusjstol/krakk, bekken, toalettstol, manuell rullestol med meir.

Dersom du treng syns- eller høyrselshjelpemiddel må du ta kontakt med lege som kan tilvise vidare.

Kva kostar det?

Det er gratis når du får innvilga hjelpemiddel.

Det kan vere eigenbetaling på nokre heilt spesielle hjelpemiddel frå Hjelpemiddelsentralen. 

Kontakt

Har du spørsmål om langvarig utlån av hjelpemiddel eller tilpassing av bustad kan du kontakte ergoterapeut Hrafnhildur J.H. Øksnes (Hrabba) på epost: hrabba@austrheim.kommune.no, eller telefon Tlf: 966 26 465 (jobbar 50% stilling, send gjerne SMS om du ikkje får svar).

  • Kontor heimesjukepleia - tlf. 56 16 21 23 (08.30-15.00)
  • Nordliheimen - tlf. 56 16 20 40 (15.30 til 21.00)
  • Leiar Hege Bergsvik Sætre - tlf. 56 16 21 24/mob.400 37 532
  • Pleie og omsorg - kontor -  tlf. 56 16 20 43

 

Hjelpemiddel - vedlikehald

Brukar/lånar har ansvar for reinhald og dagleg vedlikehald av hjelpemiddel som dei har lånt frå kommunen og NAV. Her finn du rettleiing for nokre av dei:

Varslingshjelpemidlar

Reinhald:
Reingjering med mjuk, lett fuktig klut

Varsling ikkje motteke
- Tid for å skifte batteri? - Varsel på mottakar: Skift batteri

- Straumbrot - Trekk ut støpsel på sengevibrator, vent litt og sett det inn att --> systemet restartar

- Ingen lyd? Sku opp volument med brytaren på høgre side

 

IR-anlegg til TV og Radio

Reinhald: 
Reingjering med mjuk lett fuktig klut

Verkar ikkje?

-Sett hovudbøye/halsslynge på lading i sendaren, blank flate skal vere vendt framover

-Blank flate vendt framover ved bruk av hovudbøyle/halsslynge

-Hovudbøyle/halsslynge utanfor rekkjevidde? Flytt deg nærare TV/radio

Samtaleforsterkar

Reinhald:

Reingjering med mjuk, lett fuktig klut

Verkar ikkje?

-Skift batteri, 2 stk. AA-batteri

-Ikkje sperra for teleslynge? Opne lokket, sett brykar på M, liten svart tapp øvst til venstre skyvast mot høgre for å koble ut teleslynge og kun mikrofon overføring på

-Defekt hovudbøyle? Brukar må kjøpe ny hovudbøyle sjølv


Sist oppdatert: 16.03.2022
Publisert: 08.11.2018