HjemHelse, sosial og omsorgPleie og omsorgHeimehjelp / praktisk bistand

Heimehjelp / praktisk bistand

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjema for pleie- og omsorgstenester.

Du må senda ei skildring av behovet ditt, og grunngjeving kvifor du søkjer som vedlegg til Austrheim kommune. 

Lever søknad og vedlegga på Servicekontoret på kommunehuset, eller til Forvaltningskontoret på kommunehuset.

Du kan òg senda dei til:

Austrheim kommune
Forvaltningskontoret
Sætremarka 2
5943 Austrheim

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøkje deg.
  • Vi prøver å svare deg innan 14 dagar. Dersom vi ikkje klarar det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Kva kostar det?

Sjå oversikt over prisar på heimetenester her.

Kva får du?

Du kan mellom anna få hjelp til :

  • Matlaging
  • Reingjering
  • Klesvask
  • Opplæring/rettleiing

Krav til søkjar

Du må ha behov for hjelp på grunn av sjukdom eller funksjonstap

Kontakt

E-post: post@austrheim.kommune.no

  • Kontor heimesjukepleien - tlf. 56 16 21 23 (08.30-15.00)
  • Nordliheimen - tlf. 56 16 20 40 (15.30 til 21.00)
  • Leiar Hege Bergsvik Sætre - tlf. 56 16 21 24 / mob. 400 37 532
  • Kontor, pleie og omsorg, Jannicke Kalland Njøten - 56 16 20 43

Besøksadresse:
Nordliheimen
Austrheimvegen 1019

Korleis kan eg klage?

Trykk her for meir informasjon om din rett til å klage.

Les meir


Sist oppdatert: 10.03.2022
Publisert: 08.11.2018