Tildelingstenesta
Tildelingstenesta er kommunens koordinerande eining.
Besøksadresse:
Tildelingstenesta Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim
Kontoret er ope måndag, onsdag og fredag, frå 08.00 - 15.00 desse dagane.
Postadresse:
Austrheim kommune
Tildelingstenesta
Sætremarka 2
5943 Austrheim
Telefon: 56 16 20 00
E-post: post@austrheim.kommune.no
Tenester som kan søkjast om hjå tildelingstenesta:
- Middagslevering
- Dagtilbod
- Tryggleiksalarm
- Fritidskontakt
- Heimehjelp og miljøarbeid
- Helsetenester i heimen - Heimesjukepleie
- Kvardagsrehabilitering
- Omsorgsbustad
- Institusjonsopphald: Avlastingsopphald, korttidsopphald og langtidsopphald
- Tilrettelagt butilbod psykisk helse
- Følgjekort
- Parkeringskort
- Anna
Tildelingstenesta tilbyr og førebyggande heimebesøk for dei som ynskjer det, i aldersgruppa over 75 år.
Trykk her for å laste ned søknadsskjema for pleie- og omsorgstenester.
Du må senda ei skildring av behovet ditt og grunngjeving av kvifor du søkjer til Austrheim kommune som vedlegg.
Lever søknaden og vedlegga på Servicekontoret på kommunehuset, til Tildelingstenesta på kommunehuset, eller bruk postadresser lista over.
Handsaming av søknaden:
• Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
• Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
• Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på vanleg e-post.
Korleis førebyggje i eigen heim:
- Rydde vekk tepper – unngå snublekantar
- Bytte ut svake lyspærer med sterkare lyspærer – og på utelamper
- Bruke leselampe til handarbeid og anna
- Sette opp nattlys på badet
- Bruke klokker som er store og som viser tida tydeleg
- Montere ekstra handtak på badet, i trapper og andre aktuelle stader. Bruk gripevenleg handtak
- Montere antiskli-list i trapper
- Søke om hjelpemidlar i god tid, til dømes rullator for å gå til butikken eller dusjstol for å bli tryggare når du dusjar
- Ha salt eller sand tilgjengeleg for strøing ved is og snø
- Bruk stødige innesko
- Tenk brannsikkerheit – kontroller røykvarslarar, ha brannteppe og pulverapparat/brannslange tilgjengeleg
Barnekoordinator - individuell plan
Du kan lesa meir om barnekoordinator og individuell plan på denne sida (klikk her).