HeimHelse, sosial og omsorgPleie og omsorgDemenskoordinator - Hukommelsesteam

Demenskoordinator - Hukommelsesteam

Kven er vi?

Hukommelsesteamet består av sjukepleiarar, deriblant demenskoordinator. Teamet samarbeidar med forvaltningskontoret, fastlegar og anna helsepersonell i kommunen. 

Kva kan vi tilby?
  • Kartleggings- og utredningssamtale med pasient og pårørande.
  • Hjelpemiddel som støttar hukommelse og bidreg til auka tryggleik.
  • Henvisning til helsetilbod i kommunen.
  • Informasjon og rettleiing av pårørande og helsepersonell.
  • Gi oversikt over tenestetilbod frå pleie og omsorg.

Vi kjem på heimebesøk etter avtale med pasient og pårørande.

Kvifor kartlegge hukommelsen?
  • For å utrede eventuell demenssjukdom.
  • For å utelukke andre sjukdommar som har demensliknande symptom.
  • For vurdering av medisin.
  • For å kunne legge til rette heimesituasjonen.
  • For å kunne igangsetje tiltak til rett tid.
Kontakt oss

Du treng ikkje å søkje eller bli tilvist frå lege eller spesialist. Dersom du har problem med hukommelsen eller er pårørande til nokon med kognitiv svikt, kan du ta direkte kontakt på telefon. Legar og anna helsepersonell kan også ta kontakt.

Demenskoordinator Åshild Sandvin Olsson er å treffa på telefon 966 26 656, tysdag, onsdag og torsdag.

Pårørandestøtte - demens

Nasjonalt senter for aldring og helse, som er det offentlege kompetansemiljøet på aldring og eldrehelse i Norge, har utvikla eit kursopplegg for pårørande til personar med demenssjukdom.

Det digitale kurset gir grunnleggande kunnskap om demens, tilbod og tenester, og skal fungera som både informasjon, råd og støtte til pårørande til personar med demens. Kurset gir også informasjon om lovgivinga og dei rettar dei pårørande har. Klikk her for å lesa meir på nettsida deira:


Sist oppdatert: 06.02.2024
Publisert: 01.09.2022