NAV Fensfjorden

Postadresse:
NAV Fensfjorden
Postboks 14
5987 Hosteland

Besøksadresse: 
NAV Fensfjorden
Fensfjordbygg
Fensfjordvegen 615, 3. etasje
5986 Hosteland

Dersom du vil ha ein samtale med saksbehandlar i NAV, kan dette skje etter avtale. Du kan laga slik avtale gjennom Ditt NAV, eller per telefon 55 55 33 33.

Økonomisk sosialhjelp

Kjem du opp i ein situasjon der du treng økonomisk hjelp, kan du ha rett på ytingar frå det offentlege. 

På nav.no finn du informasjon om økonomisk sosialhjelp. 

Søkje økonomisk sosialhjep digitalt

Du må logge deg inn på "Ditt NAV" med BankID, eller andre løysingar som Buypass eller Comfides for å søkje digitalt.

Dersom du av ulike årsaker ikkje kan eller ønsker å nytta deg av den digitale søknaden om sosialhjelpm kan du framleis bruke papirsøknad:

Dokumentasjon på familien sine inntekter og utgifter må leggjast ved søknaden. Dette kan ein ta utskrift av via ei publikumsdatamaskin som står på Servicekontoret. For rettleiing ta kontakt med NAV Fensfjorden.

 Søknadsskjema for økonomisk sosialhjelp i pdf. format

 

Søknadskjema for sosialstønad, med vedlegg, kan leverast på Servicekontoret eller sendast slik:

NAV Fensfjorden
Postboks 14
5987 Hosteland

Det kan også leverast til resepsjonen eller NAV-kontoret i ein av dei andre kommunane i NAV Fensfjorden, som er Fedje, Modalen, Masfjorden og Gulen.

Andre søknadsskjema, og informasjon elles om våre ordningar, finn du på nav.no. Spørsmål om dine utbetalingar og di sak kan du finna via Ditt NAV, som også er på nav.no.


Spørsmål om utbetalingar, barnetrygd, kontantstøtte, grunn- og hjelpestønad og foreldrepengar kan berre avklarast gjennom kontakttelefonen 55 55 33 33 eller nav.no.

Spørsmål om pensjon har eigen kontakttelefon 55 55 33 34. Sjå også nettsida:  Din Pensjon

Andre ytingar frå NAV

Har du spørsmål om trygdeytingar, arbeid, gjeldsrådgiving, pensjon kan du lese meir på nav.no


Sist oppdatert: 22.07.2020
Publisert: 19.11.2018