Kommunal bustad

Austrheim kommune har ikkje ledige kommunal bustad til ei kvar tid, men vi registrerar og behandlar alle innkomne søknadar.

Slik søkjer du:

Før du opnar skjema må du har klar dokumentasjon som viser kva inntekt du har og husleigekontrakt for noverande bustad.

Er du skilt eller separert må du legge ved kopi av skifteavtale.

Er du utanlandsk statsborgar, må du legge ved kopi av pass eller opphaldsløyve frå UDI.

Søknadsskjema for kommunal bustad

Søknad kan også sendast som brev til:

Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim

Kva kostar det?

Leigekontrakt etter avtale

Kva får du?

Gjennomgangsbustad er eit mellombels butilbod. Leigekontrakten vil normalt ikkje vare lenger enn tre år.

 

Krav til søkjar

Målgruppa for tilbodet er økonomisk og sosialt vanskelegstilte, flyktningar, eldre, funksjonshemma, eller andre som treng hjelp i ein kortare eller lenger periode. 

Du som søker må:

  • Vere fylt 18 år
  • Vere utan bustad
  • Registrert i folkeregisterert som busett i kommunen og ha opphalde deg her dei siste 12 månadane.
  • Vere norsk statsborgar eller i introduksjonsprogram for flyktningar.
  • På grunn av sjukesom eller sosiale årsaker har trong for endring av noverande bustadforhold.
  • Låg inntekt.
  • Ikkje skulde husleige til kommunen.
  • Ikkje ha mislighalde kommunalt lån.

Klage på vedtak

Du kan klage på vedtaket, dersom du meiner at det byggjer på feil opplysningar. 

Klagefristen er tre veker frå du har motteke vedtaket. Klagen må vere skriftleg. 


Sist oppdatert: 08.01.2021
Publisert: 08.01.2021