Hjelp til tilpassing av bustad

Har du behov for å tilpasse bustaden din? Då kan du søkje om finansiering til små eller store ombyggingar og tilpassingar.

Å tilpasse ein bustad vil seie å gjere han eigna slik at du kan halde fram å bu i han, sjølv om du har nedsett funksjonsevne.

Det finst låne- og tilskotsordningar, som kan gjere det mogleg å finansiere tilpassing av bustaden din. Kommunen kan finne fram til dei ordningane som finst for deg. Tilpassinga må vere formålstenleg, og behovet for tilskot blir vurdert ut frå husstanden sin økonomiske situasjon i framtida.

Slik søkjer du

Det enklaste er å registrere og sende søknaden elektronisk. 

Trykk her for å gå til husbanken si side med søknadsskjema


Du kan også be kommunen om å få tilsendt papirskjema eller laste det ned frå sida til Husbanken. Papirsøknad fyller du ut, signerer og sender til:

Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim

 

Kven kan få tilskot til tilpassing?

  • husstandar eller enkeltpersonar som har behov for tilpassing av bustad
  • barnefamiliar er høgt prioriterte
  • eldre som ønskjer å utføre førebyggjande tiltak for å tilpasse bustad

Du kan få tilskot til:

  • enkle tiltak for å betre tilkomst til bustaden
  • større ombyggingar for å legge bustaden til rette (gjeld både leigd og eigd bustad).

 


Sist oppdatert: 20.08.2021
Publisert: 26.11.2018