Bustønad

Dette er Husbanken si ordning, men det er kommunen som tek i mot søknadane og registrerer dei.

Slik søkjer du

Søknadsfristen er den 25. kvar månad.

Du får eit svar frå Husbanken innan den 20. månaden etter at du har søkt.

Husbanken si side for bustønad og søknadsskjema finn du her

Dette er lurt å ha klart før du byrjar å fylle ut søknad:

  • Personnummer til alle i husstanden din.
  • Opplysningar om bustaden og buutgiftene dine (husleigekontrakt)
  • Opplysningar om inntekta di og eventuell formue.

Du kan søkje elektronisk via nettsida til Husbanken, eller fylle ut ein papirsøknad og sende til:

Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim

 

Kven kan få bustønad?

Alle over 18 år kan søkje bustønad.

Bustønad er ikkje for studentar eller personar i førstegongsteneste. Du kan likevel søkje om du:

  • er student med born
  • er student utan born og studiet er eit ledd i eit offentleg arbeidsretta tiltak
  • er forelder til ein heimebuande student
  • er forelder til ein i førstegongstenesta som ikkje bur heime
  • er under 18 år og har eigne born

For å ha rett på bustønad må du bu i ein eigen bustad med eigen inngang, eige bad og toalett, kjøkkenløysing og ein stad for kvile. Du kan likevel søkje om du bur i eit kommunalt bufellesskap.

Kva kan du få?

Bustønaden heng saman med inntekta og formuen din og inntekta og formuen til den eller dei du bur ilag med.

Skjer det vesentlege endringar i inntekta og/eller formuen til husstanden, må du melde ifrå til sakshandsamaren din i kommunen.

Husbanken sin bustønadskalkulator

Les meir om korleis Husbanken reknar ut bustønad på nettsida til Husbanken

Klage på vedtak

Du kan klage på vedtaket, dersom du meiner at det byggjer på feile opplysningar.

Klagefristen er tre veker frå du har tatt imot vedtaket. Klagen må vere skriftleg.

Les meir om korleis du kan klage på vedtak om bustønad på nettsida til Husbanken


Sist oppdatert: 23.02.2022
Publisert: 20.11.2018