Miljøretta helsevern
Om miljøretta helsevern
Miljøretta helsevern har først og fremt eit førebyggande aspekt, men dersom det oppstår tilhøve som har negativ innverknad på helsa har kommunen òg høve til å pålegge verksemder tiltak for å redusere og/eller fjerne helseskadelege miljøfaktorar.
Ansvar for Miljøretta helsevern er delegert frå kommunestyret til kommuneoverlegen. Teknisk-hygienisk ingeniør er den som utfører arbeidsoppgåver og fungerer som rådgjevar saman med kommuneoverlegen.
Austrheim kommune får tenesta innan Miljøretta helsevern gjennomført i eit samarbeid med Alver kommune.
Arbeidsoppgåver
Miljøretta helsevern sine faste oppgåver er systembasert tilsyn med skular, barnehagar, basseng, boblebad, tatoveringsverksemder og solarium. Vidare fører dei tilsyn ved behov ved enkelte andre verksemder, som til dømes frisørar og campingplassar. Andre arbeidsoppgåver er klagehandsaming innan støy, forureining med meir.
Alle verksemdene som vi driv tilsyn med har plikt til å melde frå til oss ved oppstart og ved vesentlege endringar. Vidare må enkelte av verksemdene søke om godkjenning ved oppstart og vesentlege endringar. Dette gjeld skular, barnehagar, tatoveringsverksemder, basseng og boblebad.
Arbeidsoppgåver og tema knytt til miljøretta helsevern:
- Godkjenning og tilsyn av barnehagar og skular
- Tilsyn med symjebasseng og badeplassar
- Tilsyn med hudpleie.- solarie,- frisør-, piercing og tatoveringsverksemder
- Tilsyn med campingplassar og overnattingsverksemder
- Inneklima, radon
- Hygiene, reinhald, vedlikehald
- Smittevern
- Førstehjelp
- Støy, lys
- Drikkevatn
- Avfall
- Røyking
- Forureining til vatn, jord og luft
- Skadedyr og insekt
- Hald av dyr
Kontaktinformasjon
- Grethe Elin Mjelde
- Teknisk-hygienisk ingeniør - Miljøretta helsevern
- Telefon: 56 37 57 70 (Alver kommune)
- Mobil: 95 01 96 09
- E-post: grethe.elin.mjelde@alver.kommune.no
- Besøksadresse: Alver Rådhus. Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø
Tilbod og tenester
Folkehelse og hygiene, lenker til informasjon hjå Alver kommune.