Vald og overgrep

Kontakt oss

Det finst fleire du kan ta kontakt med om du treng hjelp:

  • Austrheim kommune har avtale med krisesenteret i Bergen.
  • Bergen Legevakt har eit døgnope mottak for valdtektsofre.

Kontaktinformasjon

  • Krisesenteret i Bergen: 55 31 50 50
  • Valdtektsmottaket til Bergen legevakt: 55 56 87 60
  • Telefon for incest- og seksuelt misbrukte og deira pårørande: 800 57 000
  • Senter mot incest og seksuelle overgrep (SMISO) Hordaland: 55 90 49 90

Du kan også lesa meir hjå Nasjonal veiviser ved vold og overgrep: dinutvei.no

Kva kostar det?

Tilboda er gratis.

Kva hjelp får du?

Krisesenteret i Bergen tilbyr mellom anna:

  • nokon å snakke med
  • informasjon om rettar, råd og rettleiing, på telefon eller ved oppmøte
  • hjelp til å få kontakt med lege, advokat, politi eller andre
  • ein trygg og mellombels bustad

Trykk her for å lese meir om krisesenter

Valdtektsmottaket ved Bergen legevakt tilbyr:

  • medisinsk undersøking og informasjon
  • rettsmedisinsk undersøking og innsamling av bevismateriale
  • støttesamtalar og kriserettleiing
  • ein trygg stad å overnatte
  • kontakt med bistandsadvokat - alle som har vore utsett for seksuelle overgrep har rett til gratis advokathjelp
  • deltaking i samtalegruppe

Valdtektsmottaket er et tilbod til både kvinner og menn som har vore utsett for seksuelle overgrep.

Barn under 15 år som har vore utsett for seksuelle overgrep, blir vist til Barneklinikken på Haukeland sjukehus, for nødvendige undersøkingar og hjelp.

Trykk her for å lese meir

Telefon for incest- og seksuelt misbrukte og deira pårørande:

  • er eit døgnopent tilbod til born og unge, kvinner og menn som har vore utsett for seksuelle overgrep
  • pårørande til seksuelt misbrukte kan også nytte tilbodet

Trykk her for å lese meir

Senter mot incest og seksuelle overgrep (SMISO):

  • er eit tilbod til ungdom, kvinner og menn som har opplevd seksuelle overgrep.
  • tilbyr hjelp til sjølvhjelp, råd og rettleiing
  • du treng inga tilvising
  • har tilbod til pårørande

Trykk her for å lese meir


Sist oppdatert: 09.03.2020
Publisert: 09.03.2020