Vaksinering - apekoppar

Austrheim kommune tilbyr i samarbeid med Bergen kommune vaksine mot apekoppar, som blir gitt til menn eller transpersonar som har sex med menn, og som har risikoatferd, og som har hatt syfilis, gonoré eller klamydia dei siste 24 månader. 

Risikoadferd inneber hyppig partnerbytte, tilfeldig sex, gruppesex og chemsex.  

Det pågår eit utbrot med apekoppar på verdsbasis. Kontakt lege på telefon dersom du har mistanke om at du er smitta. Sjå også informasjon om kven som får tilbod om vaksine. 

Korleis smittar apekoppar?

Apekopper skuldast apekoppeviruset, og smittar gjennom nær kontakt med ein smitta person eller ved kontakt med eit smitta dyr. Det ser ut som at det krevst høg grad av nærkontakt for å bli smitta, og dei mest utsette er seksualkontaktar og husstandsmedlemmer. Det tek 5-21 (vanligvis 6-13) dagar frå ein er i kontakt med ein som har apekoppar, til symptoma oppstår. 

Kva er dei vanlege symptoma på apekoppar?

Symptom er feber, myalgi (muskelasmerter) og hodepine etterfølgt av hudlesjoner/utslett, men nokon får hudlesjonar uten prodromalsymptomene først (dei første symptoma som feber, muskelsmerter etc.), og nokon får utslett (lesjonar) på slimhinner (rektalt, genitalt og oralt). Utslettet kan oppstå kvar som helst på kroppen, men i dette utbrotet vert det rapportert hyppig om utslett (lesjonar) nedantil både rundt kjønnsorganet og analt, og i og rundt munnen. Utslettet kan medføra smerter i hals og endetarm. Det er også rapportert om fleire tilfelle med symptombilde der ein kun finn få eller ein enkelt lesjon.

Ein er smittsam frå symptoma oppstår til skorpene har falle av og det er heil hud under. Det mest effektive tiltaket for å redusera smitte av apekoppar er å avgrense tal intime partnarar, samt isolasjon av og smittesporing rundt påviste tilfelle. 

Kven kan få vaksinen, som blir gitt på smittevernkontoret i Bergen?

Austrheim kommune tilbyr vaksine mot apekoppar i samarbeid med smittevernkontoret i Bergen kommune. Smittevernkontoret vaksinerer mot apekoppar éin torsdag i månaden. 

Vaksinen blir tilbudt menn eller transpersonar som har sex med menn, og som har risikoatferd, og som har hatt syfilis, gonoré eller klamydia dei siste 24 månader. 

Risikoadferd inneber hyppig partnerbytte, tilfeldig sex, gruppesex og chemsex.  

Bestill time

Første vaksinasjonsdag er torsdag 16. mars 2023. Du må bestilla time på førehand. 

Timebestillinga opnar torsdag 9. mars. Ring Smittevernkontoret på 55 56 58 80, for å bestilla time. 

Ikkje møt opp til vaksinering dersom du er sjuk, har feber over 38 grader eller andre teikn på infeksjonssykdom. Ring i så tilfelle Smittevernkontoret for ny time. 

Pris

Vaksinasjonen kostar 225 kroner. Sjølve apekoppvaksinen er gratis. 

Husk legitimasjon og dokumentasjon

Ta med gyldig legitimasjon med bilde og personnummer til vaksinetimen. 

Ved frammøte må du visa også dokumentasjon på prøvesvar som viser at du har hatt ein av de seksuelt overførbare infeksjonane, syfilis, gonoré eller klamydia, i løpet av dei siste to åra.

Vær førebudd på at du må sitta til observasjon 20 minutt etter vaksinering.

Her finn du Smittevernkontoret i Bergen

Vaksinen vil bli sett hos Smittevernkontoret. Dei held til i Bergen Helsehus, Solheimsgaten 9, 4 etasje, 5058 Bergen (sjå kart på Google maps - ekstern lenke). Bruk inngang C, bakke opp til parkeringsdekk ved 2. etasje. 

Smittevernkontoret er universelt utforma. Rørslehemma kan bruka heisen ved inngang C i 2. etasje. 

Kva gjer du ved mistanke om apekoppsmitte?

Kontakt lege på telefon: Fastlege eller legevakt. Du vil då få vidare hjelp til å vurdera om mogleg smitte og kva du skal gjera.

For å stoppa utbrotet i Norge, har Helse- og omsorgsdepartementet forskriftsfesta apekoppar som ein allmennfarleg smittsam sjukdom. Forskriftsfestinga vil gje legar plikt til smittesporing. Det blir også gratis med undersøking og behandling. Det vil senka terskelen for å oppsøka lege. Forskriftsfestinga gir også pasienter som mistenker smitte ei plikt til å oppsøka lege.

Folkehelseinstituttet vurderer at det er svært lite sannsynleg at det blir ein epidemi av apekoppar i den allmenne befolkninga.

Meir informasjon - lenker

Viktige nettsider der der ein kan finna meir informasjon:

Helsenorge.no - ekstern lenke

Folkehelseinstituttet.no - ekstern lenke

Helseutvalget.no - ekstern lenke


Sist oppdatert: 08.03.2023
Publisert: 07.03.2023