Tannlege

Kven kan få offentleg tannbehandling

Den offentlege tannhelsetenesta har ansvar for barn og unge t.o.m. året dei fyller 20 år. I tillegg behandlar vi psykisk utviklingshemma og pasientar i institusjon og heimesjukepleie.

  • Born og ungdom frå 0-18 år (Dette gjeld t.o.m. ut kalenderåret dei fyller 18 år.)
  • Psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon. 
  • Personar i institusjon og heimesjukepleie. Dette under føresetnad av at ein har budd i institusjon i 3 månadar eller meir, eller har motteke heimesjukepleie minimum 1 gong per veke i 3 månadar eller meir. Merk at lova gjeld både for psykiatriske og somatisk sjuke pasientar.
  • Ungdom som fyller 19 og 20 år i behandlingsåret betalar 25 % av takstar fastsett av departementet. Merk, dette gjeld tom. ut kalenderåret dei fyller 20 år. Fom. det året dei fyller 21 år må dei betale takstar som vaksne betalande pasientar, fastsett av Tannhelsetenesta i Hordaland.

Kontakt

Lindås tannklinikk
Kolåsvegen 5,
5955 Lindås

Tlf. 556360217

Les meir om det fylkeskommunale tannhelsetilbodet (klikk på lenka under):

Vestland fylkeskommune sine heimesider

 

Privat tannlegetilbod

Tannlege Otto Førde
Adresse: Litlås 2, 5954 Mongstad
tlf. 56 16 98 35

Fylkeskommunen sin tannlegevakt

Alle som bur eller mellombels oppheld seg i Bergen og omkringliggjande kommunar og som har eit akutt behov for behandling, kan få hjelp på tannlegevakten.

Adresse: Solheimsgaten 18, inngang B
Telefon: 55 31 03 10
Link til tannlegevakten (ekstern side):


Sist oppdatert: 10.12.2021
Publisert: 27.06.2018