Lege

Austrheim Legekontor

Legekontoret er lokalisert i Austrheim kommunehus

Kontoret er ope måndag til fredag kl. 08.30 til 15.00

Kontaktinformasjon

tlf. 56 16 82 00

kl. 09.00-12.00 og 13.00-14.00.
Merk: Torsdagar er telefontida frå kl. 09.30.

Akutt lege/ambulanse heile døgnet - tlf. 113

Nordhordland legevakt - tlf.116 117

Finne og byte fastlege

Trykk her for å gå til Helfo sine sider der du kan finne og byte fastlege

Du kan velje mellom legar som har ledig plass på lista si. Du kan også stå på venteliste til den fastlegen du ønskjer deg.

Dersom du ikkje ønskjer å hjelpe deg sjølv på nettsida til Helfo, kan du ringe dei på telefon 800 43 573. Ha fødselsnummeret ditt (11 siffer) klart før du ringjer.

Dei fortel deg om tilgjengelege fastlegar og set deg på lista til den fastlegen du ønskjer deg. Bytet gjeld frå den første dagen i månaden etter at du gjorde endringa. Du får eit brev som stadfester at du har fått ny fastlege.

Tenester

Austrheim legekontor er fastlegekontor i Austrheim kommune. Legekontoret har fellesliste, dvs. legen deler ansvaret for si liste med andre fastlegar ved det same kontoret. Du kan derfor komme til ein annan lege enn fastlegen du har ved legekontoret når du bestiller time.

Så langt råd er yter legekontoret hjelp til folk som oppheld seg mellombels i kommunen. Etter lova yter kontoret også øyeblikkeleg hjelp i samarbeid med Nordhordland Legevakt.

Legekontoret er daglegevakt, og yter hjelp på dagtid i vekene, medan Nordhordland Legevakt dekkar kveld/natt og helg.

Kontoret er bemanna med fastlegar, turnuslegar og hjelpepersonell.

Peter Kubon er kommuneoverlege, med overordna oppgåver.

Jarle Gallefoss er fastlege, han har også godkjenning som petroleumslege og sjømannslege.

Laila B. Husa er fastlege ved kontoret.

Ellen Nygårdsmoen Kjelstrup Mejer er fastlege ved kontoret.

Vegard Kjelstrup Mejer er fastlege ved kontoret.

Det er ledig plass på fastlegeliste hjå fleire av legane. Her på denne lenka kan du sjekka status for ledige plassar på fastlegelistene: Helsenorge.no (klikk her - ekstern lenke)

Reseptbestilling pr. telefon

På grunn av stor arbeidsbelastning ved legekontoret tek me ikkje imot reseptbestilling på måndagar!


Sist oppdatert: 03.10.2023
Publisert: 27.06.2018