Helsestasjon 0-5 år

Når du har født eller adoptert eit barn, vil helsestasjonen ta kontakt med deg og avtale tid for heimebesøk. For nyfødte vert kontakten oppretta på bakgrunn av ei rutinemessig melding om fødsel frå fødeklinikk til helsestasjon. Om ein ikkje høyrer noko fra helsestasjonen innan ei veka etter heimkomst, ta kontakt sjølv med helsestasjonen.Ved adopsjon, ta kontakt med helsestasjonen når de er komne heim med barnet.

Dersom du flyttar til eller frå ein kommune, gje beskjed til helsestasjonen slik at journal kan verta overført til rett kommune.

Helsestasjonen har eit fastsett program for oppfølging og helseundersøking av barn. Utover dette ta gjerne kontakt for råd og rettleiing.

Målet med helsestasjonsprogrammet:

  • At foreldre opplever meistring i foreldrerollen.
  • Å bidra til godt samspel mellom foreldre og barn.
  • Å fremje fysisk, psykisk og sosial utvikling hos sped- og småbarn.
  • Å førebyggje, avverge og avdekke vald, overgrep og omsorgssvikt.
  • Å avdekke fysiske og psykiske utviklingsavvik tidleg.
Faste helseundersøkjinger i Austrheim kommune
Alder      Type       Vaksine
Nyfødde    Heimebesøk  Nei
2 - 4 veker Vekt og omkrins hovud  Nei
6 veker Helsesjukepleiar og lege Ja
3 månader  Helsesjukepleiar Ja
4 månader  Helsesjukepleiar Nei
5 månader  Helsesjukepleiar Ja
6 månader  Helsesjukepleiar og lege Nei
7 månader  Helsesjukepleiar Nei
8 månader  Helsesjukepleiar Nei
9 månader Helsesjukepleiar Nei
10 månader  Helsesjukepleiar Nei
11 månader   Helsesjukepleiar Nei
12 månader   Helsesjukepleiar og lege Ja
15 månader Helsesjukepleiar Ja
18 månader  Helsesjukepleiar Nei
2 år Helsesjukepleiar og lege Nei
4 år  Helsesjukepleiar Nei

Helsestasjonen tilbyr utlån av brystpumpe for ein kortare periode. 


Sist oppdatert: 05.08.2021
Publisert: 01.09.2020