Helsestasjon 0-5 år
Når du har født eller adoptert eit barn, vil helsestasjonen ta kontakt med deg og avtale tid for heimebesøk. For nyfødte vert kontakten oppretta på bakgrunn av ei rutinemessig melding om fødsel frå fødeklinikk til helsestasjon. Om ein ikkje høyrer noko fra helsestasjonen innan ei veka etter heimkomst, ta kontakt sjølv med helsestasjonen.Ved adopsjon, ta kontakt med helsestasjonen når de er komne heim med barnet.
Dersom du flyttar til eller frå ein kommune, gje beskjed til helsestasjonen slik at journal kan verta overført til rett kommune.
Helsestasjonen har eit fastsett program for oppfølging og helseundersøking av barn. Utover dette ta gjerne kontakt for råd og rettleiing.
Målet med helsestasjonsprogrammet:
- At foreldre opplever meistring i foreldrerollen.
- Å bidra til godt samspel mellom foreldre og barn.
- Å fremje fysisk, psykisk og sosial utvikling hos sped- og småbarn.
- Å førebyggje, avverge og avdekke vald, overgrep og omsorgssvikt.
- Å avdekke fysiske og psykiske utviklingsavvik tidleg.
Faste helseundersøkjinger i Austrheim kommune
Alder | Type | Vaksine |
Nyfødde | Heimebesøk | Nei |
2 - 4 veker | Vekt og omkrins hovud | Nei |
6 veker | Helsesjukepleiar og lege | Ja |
3 månader | Helsesjukepleiar | Ja |
4 månader | Helsesjukepleiar | Nei |
5 månader | Helsesjukepleiar | Ja |
6 månader | Helsesjukepleiar og lege | Nei |
7 månader | Helsesjukepleiar | Nei |
8 månader | Helsesjukepleiar | Nei |
9 månader | Helsesjukepleiar | Nei |
10 månader | Helsesjukepleiar | Nei |
11 månader | Helsesjukepleiar | Nei |
12 månader | Helsesjukepleiar og lege | Ja |
15 månader | Helsesjukepleiar | Ja |
18 månader | Helsesjukepleiar | Nei |
2 år | Helsesjukepleiar og lege | Nei |
4 år | Helsesjukepleiar | Nei |
Helsestasjonen tilbyr utlån av brystpumpe for ein kortare periode.