Kva kan du klage på?
- At du ikkje har fått den tenesta du har søkt på
- Forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med
- Kritikkverdige forhold
- Saksbehandlinga
Klage på tenesta
Dersom du er misfornøgd med ei helseteneste du får, for eksempel på sjukeheim, bør du først vende deg munnleg eller skriftleg til leiinga ved sjukeheimen. Vêr tydeleg på kva du er misfornøgd med og kva du ønskjer endra.
Klage på vedtaket
Dersom du har fått avslag på ei helseteneste du meiner å ha rett på, kan du klage. Dette blir kalla ei rettsklage. Ei rettsklage blir send til kommunen. Dei tilsette går gjennom vedtaket på nytt og ser om det bør endrast. Blir ikkje vedtaket endra, sender dei automatisk klaga vidare til Statsforvaltaren i Vestland som avgjer saka.
Når dei som utfører tenesta får klaga din, må dei undersøkje saka og endre tilbodet dersom det ikkje er godt nok. Fører ikkje klaga fram, må du sjølv sende ei skriftleg klage til Fylkesmannen som gjer ei vurdering av saka.
Slik klagar du på eit vedtak
- Klagen må vera skriftleg.
- Du må levera klagen innan fire veker etter at vedtaket er motteke.
Klagen sender du til:
Austrheim kommune
Tildelingstenesta
Sætremarka 2
5943 Austrheim
Du skal få svar innan tre veker. Vert ikkje klagen tatt til følgje, vert klagen automatisk sendt til Fylkesmannen.
Hjelp til å klage
- Treng du hjelp til å skrive klagen, ta kontakt med forvaltninga eller pasient – og brukarombodet Vestland, kontorstad Bergen
Kontakt
Har du spørsmål, kontakt administrasjonen.
E-post: post@austrheim.kommune.no
-
Kommunalsjef for helse og velferd, Anne Hildegunn Færøy
Mob. 41441208
E-post: anne.hildegunn.feroy@austrheim.kommune.no
Besøksadresse:
Tildelingstenesta
Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim