Gonoré
Gonorè er svært smittsamt, og det er grunn til uro for auken. Kommunen oppfordrar unge til å testa seg, og bruka kondom.
Fakta om gonoré
Gonoré er ein seksuelt overførbar infeksjon som smittar lett. Ikkje alle får symptom, og det kan difor vera vanskeleg å oppdaga at du er smitta.
Det er svært viktig at du brukar kondom ved sex, og testar deg om du har gløymt å bruka kondom. Hugs at det er berre kondom som beskyttar mot seksuelt overførbare sjukdomar, så bruk det i tillegg til anna prevensjon. Bruk også kondom på sexleiketøy.
Meir informasjon om gonorè finn du her (lenker til eksterne sider):
- Trykk her for å lesa meir på helsenorge.no
- Trykk her for å lesa meir på Sex og samfunn
- Trykk her for å lesa meir hjå Folkehelseinstituttet, fhi.no
Visste du at du kan bestilla gratis kondomar på helsenorge.no? Trykk her for meir informasjon
Testing på legekontoret
Treng du å ta ein gonoré-test? Ta kontakt med Legekontoret på 56168200, eller kommunen sin helsestasjon, ring Servicekontoret på 56162000.