Utleige av telt
Telta er av svært god kvalitet og eignar seg godt til ulike arrangement.
Lag og organisasjonar som ynskjer å låne telt gjer dette kostnadsfritt, men må betala for evt transport frå/til Bøvågen, og dei må betala for å få Bøvågen service til å setje opp telta. Dersom ein sjølv henter og bringer telta og set dei opp sjølv vil det ikkje bli noko kostnad for arrangøren.
Telta kommunen eig er fylgjande:
20 x 30 1 stk
12 x 24 1 stk
6 x 9 1 stk
3 x 3 3 stk
5 x 5 4 stk
3 x 6 2 stk
Ta kontakt med Austrheim kommune, tlf. 56162000 eller post@austrheim.kommune.no om dette har interesse for ditt lag og din organisasjon. Det er utarbeidd eit eige skjema for bestilling av telta.