HjemFritid og ferieReiselivVardetangen og dagsturhytta

Vardetangen og dagsturhytta

Lenger vest kjem du ikkje på fastlandet i Norge, og du kan også vitja den nye dagsturhytta som kom hausten 2020:Vardetangen

Dagsturhytte Vardetangen

Dagsturhytta på Vardetangen stod klar til bruk i 2020, som den første dagsturhytta i tidlegare Hordaland Fylke. Stien frå Vardetangen snøggbåtkai til Vardetangen og Dagsturhytta er tilrettelagt for rullestol.

Start og sluttpunkt for turen til Vardetangen:

Ved Vardetangen hurtigbåtstopp, frå eigen parkeringsplass ved starten på stien frå snøggbåtkaien, eller molokaien i Nordre Fonnesvågen.

Parkering: Ved molokaien i Nordre Fonnesvågen, eller ved hurtigbåtstoppen på Vardetangen. Alt etter kvar ein ynskjer å starte turen

Tilkomst med offentleg transport: Buss frå Mastrevik eller buss frå Knarvik over Lindås kan begge nyttast. Eit godt utgangspunkt for turen er hurtigbåtstoppen på Vardetangen. Hurtigbåt til/frå Bergen, Sogn og Nordfjord stoppar her.

 

Merking: Informasjonstavle ved startpunkt. Skilta og merka etter ny løypestandard.

Gradering: Grøn. Lett fottur. Ein støvel etter DNT-systemet

Høgdeskilnad: 0 – 25 m moh. Samla stigning er ca 50 meter

Tidsbruk: Heile rundturen tar ca 1 time

Er det ein flott dag som eignar seg for eit bad, kan det vera ein ide med stopp i Årvikane og prøve badekleda.

Turomtale:

Vardetangen er Noregs vestlegaste fastlandspunkt. Merka rundløype på om lag 5 km til det vestlegaste fastlandspunktet i Noreg, Vardetangen (4 grader 56' 58" austleg lengd), og vidare til flott badeplass i Årvikane, tilrettelagt med gapahuk, bord og toalett.

Vegen går vidare på sørvestsida av Fonnesvågen, forbi fiskevatn (fiskekort) og langs idyllisk bygdeveg attende til parkeringsplass ved Vardetangen hurtigbåtstopp.

På Torvneset i starten av løypa, finn du ein husmannsplass med restaurert jordkjellar og ryddingsrøyser. Her er det plassert ut bord og benkar, og det er tilkomst på universelt utforma veg. Du kan og starte turen ved moloen i Nordre Fonnesvåg.

Turen går på grusveg og asfalt om du tek heile runden. 

Les meir om Vardetangen og få turbeskriving på ut.no


Sist oppdatert: 25.05.2023
Publisert: 14.12.2018