HeimFritid og ferieReiselivPadling i Austrheim

Padling i Austrheim

På kartet under ser du forslag til padleløyper. Du ser og at det finst andre alternativ, om du vil utforske andre sund og andre straumar. Det meste av Austrheim kommune består av 489 øyar, holmar og skjer. Naturen er spennande, variert og tilgjengeleg for alle. Kajakk- eller kanoturen kan kombinerast med fisking eller turar på land.   Det finst alltid ei øy eller ein holme for deg!

Last ned kart her

Rettar, men og plikter

Allemannsretten er den retten alle har til fri ferdsel, opphald og aktivitet i utmark. Utmark vil i praksis seie det meste av strender, svaberg, vatn, skog og fjell. Private kaiar og brygger kan berre nyttast etter avtale med eigarar.

I tida mellom 15. april og 31. juli er det forbod mot å gå i land på Kuøyni, Skagøyni, Teistholmen og Teistholmeskjeret. Dette er naturreservat. Bruk av eld i skogsmark er forbode frå 15. april til 15. september. Hugs å rydde etter deg.

Kommunen har sikra padlarar rett til å parkere ved/i nærleiken av dette skiltet. Hundar skal vere i band.

Oversikt over kaiar finn du her

Pass på

Turen på sjøen blir best og kjekkast om du sikrar deg sjølv og dei du har med deg. Redningsvestar er obligatorisk, men like viktig er det at du tar omsyn til ver, vind og straum, og dine ferdigheiter. Du finn lune og innaskjers løyper om det bles litt. Naturen i Austrheim har mykje å by på!

Austrheim kommune

Du er no i den vestlegaste fastlandskommunen i Vestland fylke. Her finn du, mellom mykje anna, Noregs vestlegaste fastlandspunkt, Vardetangen, (sjå kartet). Dette punktet når du frå sjøen, men og via tursti over land frå Vardetangen hurtigbåtkai.

Austrheim er ein moderne industrikommune med variert næringsaktivitet, godt utbygde skuletilbod, og eit rikt kulturliv.

Velkommen til oss!


Sist oppdatert: 16.04.2023
Publisert: 14.12.2018