Med bubil til Austrheim
Austrheim er blitt ein ynda plass for bubilfolket frå heile Hordaland og andre stader. Vi som bur her kan godt forstå dei, og vi vil ynskje alle velkomne til øyriket her vest i landet.
Oppstillingsplassar:
Mastrevikane
Kommunal oppstillingsplass heilt på kaien i Mastrevikane. Gode muligheter for fiske og havsportaktiviteter.
Betalingsordning. Straum og vatn
Njøta
Privat oppstillingsplass i flotte omgjevnader heilt i sjøkanten
Betaling. Straum
Kilstraumen Brygge
Flotte omgjevander ved Kilstraumen Brygge. Turløyper like ved. Utleige av båt og syklar. Restaurantar og pub.
Betaling. Straum og sanitæranlegg
Meir informasjon på heimesida til Kilstraumen Brygge
I tillegg er det gode muligheter for oppstilling på næringsområde på Langøy
Tømmestasjon ved Austrheim brannstasjon i kommunesentrum ved kommunehus og Mastrevik Torg.