HjemFritid og ferieØyanevegen – øyhopping med sykkel

Øyanevegen – øyhopping med sykkel

Øyanevegen som startar på Rebnor, deler seg på Lauvøyna. Ei grein går til Sevrøyna med med ferje som går til Fedje. Denne vegen går vidare til Baløyna der det var både butikk og dampskipsekspedisjon til ut på 1960-talet. Frå Baløyna er det kort veg med båt eller kajakk til Rongevær med den fine badestranda Sauesanden med brygge og toalett.

Den andre greina går frå Lauvøyna, over Langøyna til Krossøyna.

Frå parkeringsplassen kan du fylgje gardsvegen og ta til høgre ned mot det restaurerte naustmiljøet som framleis er i bruk. Hamna er skjerma mot vind og ver, og bygningane er tett samla. Her ligg naust, sjøbuer og torvhus. Sjøhusa er grindbygde, dei fleste frå slutten av 1800-talet. Miljøet har høg, nasjonal vernestatus, og er freda. På Storhaugen (30 moh) ike ved parkeringsplassen kan du sjå omlag 20 kommunar. Ei stor og god karttavle syner deg kva du ser i alle himmelretningar. Ein liten tur til Krossøygavlen er også verd å få med seg.

For sykkelentusiastar er dette ein tur med få motbakkar og vidt utsyn. Stoppeplassane er mange og fine, og du finn både lune rasteplassar og stader du kan bade. Har du fiskestanga med, kan det fort bli ein fiskemiddag med pølsene i reserve


Sist oppdatert: 26.03.2019
Publisert: 26.03.2019