Forsamlingslokale
Austrheim bedehus
Eigd og drive av Pinsemenigheten
Austrheim samfunnshus
Storstova i kommunen kan ein godt kalla Austrheim samfunnshus. Her vert både bryllaup og gravferder markert, julebord og runde dagar, basarar og loppemarknad, kurs og konferansar og ikkje minst kino finn stad her. Gode forhold for konsertar, revy og teater. Huset er eig av fleire lokale lag og organisasjonar, og det vert drive på dugnad. Huset inneheld stort og godt kjøken, kafe, storsal, garderobar, scene og fleire møterom. I storsalen er det amfi. Tilgjengeleg for rørslehemma.
Kontakt: austsamf@gmail.com
Bakkøy grendahus
Bakkøy grendalag eig og driv grendahuset i Synnevågen. Dette var tidlegare grendaskulen i bygda. Huset har både kjøkken og forsamlingssal. Huset kan leigast gjennom grendalaget. Kontaktinfo på Facebook.
Kyrkjelydshuset
Austrheim kyrkjelydshus ligg like ved kyrkja. Til dagleg er det kyrkjelydskontoret som held til her. Huset inneheld to møterom, sal i kjellaren der det også er kjøkken. Meir om Austrheim sokn og kontaktinformasjon finn du her. Tilgjengeleg for rørslehemma.
Litlås sanitetshus
Lindåsneset sanitetsforening eig og driv sanitetshuset på Litlås. Det gamle huset dei hadde på Litlås brann ned til grunnen i oktober 2010. Dette vart erstatta med eit nytt og tidsriktig. Tilgjengeleg for rørslehemma.
Kontakt:
- Anny Sognnes, leiar Lindåsneset sanitetslag.
- Telefon. 56 16 86 19 / 95 17 29 36.
- E-post. lindasneset@gmail.com.
Litlås bedehus
Eigar er Litlås Indremisjonen
Seniorsenteret
Seniorsenteret ligg sentralt til i kommunesentrum. Den daglege drifta er det Frivilligsentralen som står for. Meir informasjon her.
Øksnes grendahus
Dyrnes, Rebnor og Øksnes velforening eig og driv grendahuset i Øksneset. Dette var tidlegare eit bedehus, men er no oppgradert og eit godt eigna forsamlingslokale for grendene. Her er det kjøkken og sal i kjellaren, medan storsalen er oppe. Tilgjenge for rørslehemma.