HeimFritid og ferieAktivitetsarenaer

Aktivitetsarenaer

Austrheimhallen 

Austrheimhallen er ein del av Austrheim Idrettspark.

Idrettsparken inneheld Austrheimhallen, kunstgrasbane for fotball og friidrettsanlegg med løpebaner med kunststoffdekke og sektorar for kast og hopp. Austrheim IL står for mykje av aktivitetane på kveldstid, men anlegget er ope for alle.

Spørsmål om leige av hallen kan rettast til Austrheim kommune på telefonnr. 474 80 209 eller e-post: anita.soltveit@austrheim.kommune.no

 

Endurobane 

Austrheim motorsport club har bygd ei endurobane i idrettsparken.  Ta kontak med AMC om du ønskjer å bruke den. 

Ballbinger i Austrheim 

Du finn fleire ballbinger i Austrheim.

Årås skule- kan brukast etter skuletid.

Kaland skule - kan brukast etter skuletid.

Arihamrane byggefelt.

Blomhaugane / Heiane feltet - grusbane.

Aktivitetsområdet - Årås skule 

På Årås skule kan du bruke leikeplassen og ballbingen når skulen er stengd. 

Her finn du klatrestativ, disser, seilebaner, sandkasser og liknande. 

Aktivitetsområdet -  Kaland barne- og ungdomskule 

Ved Kaland barne- og ungdomsskule finn du Kaland grus. Dette er ei kommunal grusbane med full storleik. Bana vert no mest nytta til kampar og trening for aldersbestemte lag i Kaland/Fonnes-området. Du finn også Sportscourt, ballbinge og leikeplass her.

Austrheim idrettspark

Austrheim Idrettspark er ein flott og moderne idrettsarena med moglegheit for mange ulike idrettar.

Idrettsparken inneheld Austrheimhallen, kunstgrasbane for fotball, friidrettsanlegg med 6 løpebaner à 400m med kunststoffdekke og sektorar for kast og hopp. Du finn også ballbinge, skaterampe, bane for enduro og ei flott turløype som går til Gasseneset.

Austrheim IL står for mykje av aktivitetane på kveldstid, men anlegget er ope for alle.  Årås skule og Austrheim vidaregåande skule brukar Idrettsparken til deira kroppsøvingstimar.

Symjebasseng på Kaland barne- og ungdomsskule

VÅREN 2022 - bassenget er stengt for offentleg bading frå 25. mai 2022. Opnar igjen litt etter skulestart hausten 2022.

Opningstider:

   
Måndag

kl: 17-18
kl: 18-19

Familie/born
(foreldre med små born vert prioritert)

Måndag kl: 19-20 Pensjonistar
Måndag kl: 20-21 Vaksne
Fredag kl: 17-21 For alle

Bassenget føl skuleruta og er stengd i skuleferiar.

Billettprisar: Vaksne kr 40,- , Born under 16 år kr 20,-       

Reglar for bruk av bassenget:
Før du badar må heile kroppen og håret vaskast med såpe. Badetøy skal vere reint og ein skal ta det på etter kroppsvasken. Det er ikkje tillate å bade med undertøy. Bleieborn skal nytte badebleie ved bading. Badegjestar som av religiøse eller kulturelle årsakar vil bade i heildekkande tøy, må vaske heile kroppen og håret og dusje badetøyet før ein tek det på seg.

Temperatur:
Vatnet i bassenget held i utgangspunktet 28-30 grader heile veka.
Tidlegare var det ekstra oppvarma (over 30 grader) på måndagar, men i dag er temperaturen tilnærma lik alle dagar.

Bassenget vert drifta av Austrheim svømmeklubb

Årås gras

Austrheim IL eig og driv ei flott grasbane ved Austrheim samfunnshus. Denne inneheld både full 11-er bane og eit treningsfelt.

Bana er arena for ein del treningar, kampar og ikkje minst til den årlege Austrheim Cup.

Open hall i skuleferiane

Open hall 


Sist oppdatert: 06.08.2020
Publisert: 03.12.2018