HeimBarnehageSøkje avslag i prisen

Søkje avslag i prisen

Ordninga er for foreldre og føresette med barn i kommunale og private barnehagar.

Slik søkjer du - og fristar

Du kan søkje om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid i Vigilo.

Søkjer du innan 1. august, vil redusert betaling gjelde frå barnehagestart. For barnehageåret 2020/2021 er fristen seinast 1. september. Den reduserte betalinga vil då gjelde frå 1. oktober.

Søknader som vert leverte etter 1. september, får verknad frå den 1. i påfølgande månad, under føresetnad at søknaden er levert seinast den 1. i månaden før.

  • Du må leggje ved skattemelding for det siste året, for den samla husstanden, som dokumentasjon. Dersom noko ikkje er registrert på sjølvmeldinga av person- eller kapitalinntekt, må du leggje ved anna relevant dokumentasjon.
  • Som hovudregel gjeld søknaden for eitt barnehageår om gangen.
  • Merk all dokumentasjon med namnet til barnet ditt, og send dokumentasjonen til:
    Austrheim kommune, Sætremarka 2, 5943 Austrheim
    eller elektronisk via

    Edialog


Om du bur i Austrheim og barnet går i barnehage i ein anna kommune kan du nytte følgjande skjema for å søkje:


Skjema - redusert foreldrebetaling


Har du rett på redusert foreldrebetaling?

Du har rett på redusert pris om:

  • maksprisen for ein barnehageplass er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til hushaldninga
  • den samla inntekta til hushaldninga er lågare enn 566 100 kroner

Har du rett på gratis kjernetid?

Kjernetida er tida frå kl. 10.00 til 14.00 kvar dag, og kan utgjere maks 20 timar for ei full veke i barnehagen. Har barnet ditt heildagsplass, må du sjølv betale for opphald utover dei 20 timane.

Foreldra må søkje om gratis kjernetid – for eit barnehageår om gangen. Søknader som kjem i løpet av eit barnehageår, vil gi vedtak som med verknad ut gjeldande barnehageår.

Hushald med inntekt lågare enn 566 100 kroner per år, og som har 2,- 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, kan søkje om gratis kjernetid.

Du kan ta del i alle dei tre ordningane:

  • Om den samla inntekta kjem under grensa på 566 100 kroner per år, kan du søka om og få gratis kjernetid i barnehage for ditt barn.
  • Om den samla inntekta kjem under grensa på 566 100 kroner per år, kan du i tillegg søka om og få redusert foreldrebetaling for den tida som er utanom gratis kjernetid. 
  • I tillegg har alle rett på søskenmoderasjon for betaling av barnehageplass, med 30 % søskenmoderasjon for 2. barn, og 50 % søskenmoderasjon for 3. barn og fleire.

Sist oppdatert: 09.10.2020
Publisert: 27.06.2018