HjemBarnehageSøkje eller endre plass

Søkje eller endre plass

Slik søkjer du

Du søkjer barnehageplass elektronisk: 

Trykk her for å komme til søknadsportalen

Du kan oppleve vansker om du prøver å søkje via smarttelefon, får du ikkje søknaden gjennom kan du prøve på PC. (Merk at nettlesarane safari og explorer også kan gjere at innsendinga stoppar opp)

Søknadsfristen er 1. mars. 

Dei som pr. i dag står på venteliste for plass må som vanleg søkje på nytt.

Klikk her for å sjå barnehageruta  med informasjon om kor tid nytt barnehageår startar.

Har du spørsmål om søknader og barnehageplass? Ta kontakt med servicekontoret eller styrarar.

Om du skal sende ekstra dokumentasjon som inneheld sensitiv informasjon kan du nytte eDialog som er ein sikker måte og sende digital post til oss.

Postadressa vår er:
Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim

Gjeldande vedtekter for kommunale barnehagar i Austrheim (frå 2019)

Kva kostar det?

Betaling
TIMETAL TAL DAGAR PR. VEKE SATS PR. MND FRÅ 01.01.23 SATS PR. MND FRÅ 01.08.24 
45 t/v 5 kr. 3.000  kr. 1.500
36 t/v 4 kr. 2.450  kr. 1.200
27 t/v 3 kr. 1.840 kr. 900 
18 t/v 2 kr. 1.225

kr. 600 

  • 15. juli til 15. august er betalingsfri periode.
  • Sats pr. dag for ekstra dag: kr. 300,- inkl. matpengar
  • Søskenmoderasjon: 30 % søskenmoderasjon for 2. barn. For tredje barn og fleire er det gratis barnehageplass.
  • For sein henting, kr. 182,- pr. påbegynt kvarter
  • Matpengar: Varierer etter antal dagar og litt frå barnehage til barnehage
Redusert betaling

Du kan få redusert pris dersom du har fleire barn i barnehagen, eller har låg inntekt.

Trykk her for å lese meir om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid.

 

Har du rett på plass?

Kven har rett på barnehageplass?

For å ha rett til barnehageplass må du:

  • bu i kommunen
  • bu i Åsheim-krinsen i Alver. Austrheim kommune har eigen avtale vedrørande barn frå Hope/Keilen i Alver kommune
  • søkje barnehageplass innan fristen for hovudopptaket 1. mars

Dersom barnet ditt fyllet 1 år i august, september, oktober eller november, har du rett på plass den månaden barnet ditt fyller år. Barn som er fødde desse fire månadane må med andre ord ikkje betale for plassen før dei startar i barnehagen.

Hovudopptaket skjer i perioden frå mars til juni. I denne perioden kan du ikkje endre på søknaden.

Du kan sjølvsagt søkje barnehageplass utanom hovudopptaket, og få tilbod om vi har ledige plassar.

Har barnet ditt rett til prioritet?

Kommunen skal prioritere å gi plass til følgjande barn i hovudopptaket:

  • barn med nedsett funksjonsevne
  • barn med vedtak etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd

Søkjer du plass til eit barn med rett til prioritet? Hugs å sende dokumentasjon til kommunen innan søknadsfristen 1. mars.

 

Flytte, bytte eller seie opp plass?

Flytte eller bytte plass?

Flyttar du til ein annan stad i kommunen kan du behalde barnehageplassen du har. Ønskjer du plass i ein annan barnehage, må du sjølv søkje om ny barnehageplass via systemet Vigilo. 

 

Trykk her for å gå til barnehagelova.

Reglar for oppseiing
  • Endring av plass kan i utgangspunktet berre skje dersom det ikkje fører til at vi får tomme plassar i barnehagen.
  • Skal barnet ditt slutte i barnehagen i løpet av barnehageåret, må du sende ei skriftleg oppseiing av plassen minst 3 månader før barnet skal slutte.
  • Dersom barnet sluttar etter 1. april, kan vi krevje betaling for resten av barnehageåret.
  • Du treng ikkje å seie opp plassen når barnet ditt startar på skulen. Dette skjer automatisk for barn i både private og kommunale barnehagar.
Slik seier du opp plassen din

Du seier opp plassen via systemet Vigilo.
Klikk her for å logg inn. 



Private barnehagar har eigne vedtekter.


Sist oppdatert: 13.03.2024
Publisert: 17.04.2018