Meldefrist
Det er ikkje meldefrist. Du kan melde ifrå om behov for individuell tilrettelegging i barnehagen heile året.
Det er ikkje meldefrist. Du kan melde ifrå om behov for individuell tilrettelegging i barnehagen heile året.
Fyll ut skjemaet saman med ein tilsett i barnehagen.
Digitalt meldeskjema - behov for individuelt tilrettelagt barnehagetilbod
Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarar det, tek vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
Tilbodet er gratis.
Barnehagen skal tilpasse tilbodet for barn som treng ekstra støtte i ein kortare eller lengre periode. Det kan vere snakk om sosial, pedagogisk og/eller fysisk tilrettelegging. Tilbodet blir vurdert og justert om behova endrar seg.
Barnehagelova § 19 g skildrar retten til eit individuelt tilrettelagt barnehagetilbod.