HjemNyheterVil du melda deg til «Menn i helse»?

Vil du melda deg til «Menn i helse»?

Tidleg i 2023 er det ein ny rekrutteringsrunde, der det vert søkt etter arbeidssøkande menn i aldersgruppa 25 - 55 år. Austrheim kommune vil gje inntil tre kandidatar tilbod om å delta som helserekrutt.

Litt fakta om ordninga «Menn i helse»:

  • Det er informasjonsmøte tysdag 24. januar klokka 12.00, på Amalie Skram VGS i Bergen.
  • Påmeldingsfrist til informasjonsmøtet er 23. januar, du melder deg på her (klikk her - ekstern lenke).
  • Før påmelding til informasjonsmøte bør du snakka med din rettleiar i NAV. Ditt NAV-kontor kan også hjelpa til med påmelding.
  • På informasjonsmøtet får du vita meir om «Menn i helse»; kva utdanninga inneber og korleis det vert med jobb.
  • I etterkant av møtet vil det bli gjennomført intervju med kandidatane.
  • Etter intervju vil eigna og motiverte kandidatar få tilbod om praksisperiode på 12 veker som helserekrutt på sjukeheim eller tilsvarande, med rettleiing. Deretter er det sommarjobb og vidare utdanningsløp, fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.

Meir informasjon om «Menn i helse»:

Sjekk heimesida mennihelse.no (ekstern lenke)

Ta kontakt med fylkeskoordinator Kjetil Kvidahl, telefon 977 48 055 og e-post kjetil@mennihelse.no

Sjå Youtube-film om «Menn i helse» (klikk her - ekstern lenke)


Sist oppdatert: 28.11.2022
Publisert: 28.11.2022