HjemNyheterVil du kjøpa ein kommunal bil?

Vil du kjøpa ein kommunal bil?

I så tilfelle kan me gle deg med at Austrheim kommune no skal selja to kjøretøy. Dette er:

Citroen Berlingo svart 2007

  • Ein svart Citroen Berlingo 2007-modell, varebil med to seter, som hadde registreringsnummer SU 49319 fram til den vart avregistrert i fjor haust.
    • Eigenvekt med sjåfør er 1.185 kilo (gitt at du ikkje er over 75 kilo no like etter jula), og lovleg totalvekt 1.855 kilo (altså maksimal nyttelast 670 kilo).
    • Har du tilhengar med brems kan denne ha totalvekt på 900 kilo, slik at maksimal vogntogvekt er 2.755 kilo.
    • Motoren er ein fiffig bensinsak på 1,36 liter, som har gitt 75 hester, og er småtørst med eit forbruk på 0,75 liter på mila. Rett nok må ein legga til at det er ein grunn for at skilta vart leverte i fjor, så bensinforbruket er kanskje ikkje den største utfordringa du får. 
    • Dekkdimensjonen er 175/65 R14. Det står piggdekk på no, om det finnest eit sett til med hjul er me litt usikre på.
    • Den har passert 100.000 kilometer.
    • Hentast med bilhengar eller prøveskilt.


Citroen Berlingo sølv 2013

  • Ein grå Citroen Berlingo 2013-modell, varebil med to seter, som har hatt registreringsnummer SV 37351. Bilen er ikkje formelt avregistrert, men skilta er i farta til levering.
    • Jada, det står sølv i vognkortet, men det er ein 2013-modell så glansen har vel tapt seg litt.
    • Neste frist for godkjent EU-kontroll er 01.03.2023. Der går den ikkje gjennom utan rettingar, berre så det er sagt.
    • Eigenvekt med sjåfør er 1.605 kilo (framleis med matchvekt for sjåfør på 75 kilo), lovleg totalvekt 2.040 kilo (altså maksimal nyttelast 435 kilo).
    • Har du tilhengar med brems kan denne ha totalvekt på 1.300 kilo, slik at maksimal vogntogvekt er 3.040 kilo.
    • Denne har ein dieselmotor på 1,56 liter, som etter vognkortet ytte snertne 68 hestar ein gong for snart ti år sidan. Forbruket skal vera 0,52 liter på mila. 
    • Dekkdimensjonen er 205/65 R15. Til denne er det to sett hjul.
    • Kilometerstanden er i området 200.000 kilometer.
    • Hentast med bilhengar eller prøveskilt.

 

Dersom du har tid og evner til å fiksa på sånne litt tilårskomne bilar, og ønskjer å starta 2023 med å kjøpa deg litt arbeid, kan du levera inn skriftleg bod i ein lukka konvolutt til Austrheim kommune, Sætremarka 2, 5943 Austrheim.

  • Kom gjerne innom Servicekontoret på kommunehuset for å levera, det er ope 08.30 til 15.00 alle kvardagar.
  • Merk konvolutten med Atle Vaage.
  • Hugs å ta med om bodet gjeld Citroen Berlingo svart eller Citroen Berlingo sølv, eller legg inn ein bodsum for kvart av dei to kjøretøya. 
  • Bodfristen er fredag 20. januar klokka 15.00. Etter dette vert konvoluttane opna, og kjøretøya går til høgaste bod. 
  • Om fleire har lik høgaste bodsum, vert det loddtrekning.

Sist oppdatert: 06.01.2023
Publisert: 06.01.2023