HjemNyheterVil du dela opp betalinga for vatn og kloakk?

Vil du dela opp betalinga for vatn og kloakk?

Det er kommunestyret som gjennom budsjettvedtaket har bestemt at det skal lagast ei ordning for å dela opp betalinga i inntil 12 årlege terminar for kommunale eigedomsgebyr. Dette er vatn og kloakk, eventuelt også feiing og slam (sjå meir om feiing og slam under). 

Kundane får velja mellom:

  • Halvårleg betaling (slik som idag) = 2 betalingsterminar pr år.
  • Årleg betaling = 1 betalingstermin pr år.
  • Kvartalsvis betaling = 4 betalingsterminar pr år.
  • Månadleg betaling = 12 betalingsterminar pr år.

Det er laga eit skjema der du kan melda inn at du vil ha gjort ei endring frå dagens fakturering. Dette skjemaet finn du her (skjema på Microsoft forms).

Feiing og slamavgift

Det er Austrheim kommune som sender ut faktura på feieavgift og slamavgift (slamavgift er for dei som har septiktank som skal tømmast jamleg).

Har du andre kommunale eigedomsgebyr (vatn, kloakk), så vert betalinga for feiing og slam delt i likt antal terminar som du ber om for vatn/kloakk.

Om du ikkje er abonnent på korkje vatn eller kloakk, så kan du ikkje dela opp betalinga for feiing og slam i fleire terminar enn dei to du har i dag. Desse rekningane vil då framleis komma med to terminar i året, med betaling i april og september. 

Renovasjonsgebyret kjem frå NGIR

Kommunane i regionen samarbeider om renovasjonsordninga, gjennom det interkommunale selskapet NGIR. Det er NGIR som sender rekning for renovasjon til både hus- og hytteeigarar. 

NGIR fakturerer i fire terminar, ein per kvartal. Les meir om NGIR-rekningar på deira nettsider (ekstern lenke)


Sist oppdatert: 10.01.2023
Publisert: 10.01.2023