HeimNyheterVekst i folketalet

Vekst i folketalet

Folketalet i Austrheim har passert 2 900.
Publisert: 28.05.2024
Sist endra: 28.05.2024

Folketalet i Austrheim gjekk opp med 25 personar i løpet av første kvartal 2024, og enda på 2 906. Om veksten held fram, kan kommunen etter kvart passera 3 000 innbyggjarar for første gong.

Fødselstalet var 7 i løpet av kvartalet, medan 8 gjekk bort. Det som gjev folkevekst i år er innflytting. Som så mange andre kommunar i både regionen og landet elles, har Austrheim tatt i mot krigsflyktningar frå Ukraina.

Under ser du folketalsutviklinga historisk i Austrheim, frå 1951 til 2024. Dette er tal per 1. januar, som ein ser har Austrheim aldri nokon gong vore over dagens tal på 2 906 innbyggjarar per 1. januar, men ein kan ha vore høgare ved kvartalsteljingar slik som denne siste.

Landet sett under eitt så var det ein vekst folketalet på 12 160 personar i løpet av dei tre første månadene i 2024. Ved utgangen av 1. kvartal var det samla folketalet i landet 5 562 363.

Det Austrheim me kjenner i dag har vore eigen kommune sidan 1947. Ved innføringa av formannskapslovene frå 1837 fekk kommunane sjølvstyre med innføring av formannskap og representantskap (kommunestyre). Austrheim var då del av Lindås kommune, fram til 1910, det året blei kyrkjesokna  Austrheim og Fedje delt frå, som Austrheim kommune. I 1947 var det ei ny deling, der Fedje gjekk ut og vart eigen kommune. Sidan det har Austrheim vore uendra.

Folketalet i regionen. (kjelde: SSB)
Kommunar: Folketal ved utgangen av 1. kvartal:
Modalen              389 (+5)
Osterøy               8 186 (-14)
Alver                     30 074 (+88)
Austrheim         2 906 (+25)
Fedje                    519 (ingen endring)
Masfjorden        1 692 (-2)
Gulen                   2 270 (+36)

Innbyggjartalet i Austrheim, ved inngangen av kvart kalenderår:
(kjelde SSB)

År Folketal
1951  2 390
1952  2 363
1953  2 371
1954  2 344
1955  2 314
1956  2 344
1957  2 317
1958  2 275
1959  2 244
1960  2 216
1961  2 147
1962  2 105
1963  2 102
1964  2 005
1965  1 965
1966  1 925
1967  1 937
1968  1 931
1969  1 916
1970  1 880
1971  1 849
1972  1 866
1973

 1 966

1974  2 067
1975  2 232
1976  2 367
1977  2 464
1978  2 506
1979  2 523
1980  2 549
1981  2 591
1982  2 606
1983  2 624
1984  2 614
1985  2 591
1986  2 585
1987  2 622
1988  2 722
1989  2 732
1990  2 684
1991  2 671
1992  2 658
1993  2 573
1994  2 576
1995  2 567
1996 2 588
1997 2 602
1998  2 542
1999 2 547
2000  2 527
2001 2 522
2002  2 515
2003 2 519
2004  2 533
2005 2 527
2006 2 485
2007 2 520
2008 2 569
2009  2 576
2010  2 738
2011 2 789
2012 2 776
2013 2 833
2014 2 833
2015  2 856
2016  2 858
2017  2 884
2018  2 902
2019  2 887
2020   2 870
2021  2 860
2022  2 889
2023  2 856
2024  2 881