HeimNyheterVegstenging på Fonnes natt til tysdag 2. august

Vegstenging på Fonnes natt til tysdag 2. august

Plassering av Vardebrua Fonnes

LØFTAST PÅ PLASS: Gangvegen er ferdigstilt på begge sider, og det er støypt brukar som den ferdige brua skal settast på plass på. 

Vegen vert heilt stengt frå måndag 1. august klokka 23.00, til tysdag 2. august klokka 06.00. Tida skal brukast til å løfta brua frå vogntog-tralla og på plass i brukara, og deretter få den fast. 

Omkjøringsveg er andre delen av fylkesveg 565, altså over Radøy. Det vert ein omkjøringsveg forbi arbeidet på Fonnes, men det er over gangveg og privat grunn, og kun for utrykkingskjøretøy som brann og ambulanse.

Vardebrua

Brua over 565 er siste del i eit større trafikksikringsarbeid på Fonnes og Kaland, med gangvegar, fortau og no ei trygg kryssing av fylkesveg 565.

Med brua på plass vil det til dømes vera mogleg å ta seg frå skulen og barnehagen til Årvikane eller Vardetangen, på gangveg eller langs lite trafikkert veg.

Brua har alt fått namn, den skal heita Vardebrua.

Del av bompengepakken

Vardebrua og tilhøyrande trafikksikringstiltak er finansiert av bompengar, gjennom Nordhordlandspakken. Dette er det einaste prosjektet i Austrheim i Nordhordlandspakken.

Det drog ut med godkjenning av det brukonseptet som vann fram i konkurransen. Vardebrua skulle eigentleg stått klar i mars 2020, slik at det er litt på overtid før brua kan leggast på plass.

 


Sist oppdatert: 28.07.2022
Publisert: 28.07.2022