HjemNyheterVegarbeid på Furulyvegen

Vegarbeid på Furulyvegen

Arbeidet er planlagt i tidsrommet 07.00 til 17.00 på torsdag 3. mars. I dette tidsrommet vert det ikkje tilgang med bil til ungdomsklubben, Austrheimhallen, idrettsanlegget elles og Årås skule.

Arbeidet vert gjort for å få på plass leidningar til vatn og avlaup under vegen. Det er Alversund Maskinstasjon som utfører arbeidet.

Hurtigtestar ved Brannstasjonen

Utdeling av hurtigtestar for Korona er frå denne veka redusert til to dagar i veka, måndagar og torsdagar frå 15.00 til 16.00.

Sidan tilkomsten til Austrheimhallen vert stengt torsdag 3. mars, vert det denne dagen utdeling av hurtigtestar ved Brannstasjonen (ved Mastrevik Torg).

Dag med lite aktivitet

Arbeidet er lagt til torsdag 3. mars på grunn av at dette er ein dag med lite aktivitet i hallen og på skulen. Elevane har vinterferie, SFO-tilbodet er samla på Kaland, og akkurat denne dagen har ikkje ungdomsklubben noko vinterferieaktivitet i Austrheimhallen.

Det er elles mogleg å gå til hallen og skulen ved å bruka den delen av Furulyvegen som er gangveg, på nordsida av skulen.

Vegen vert stengt ved dei raude prikkane:

Vegstenging Furulyvegen


Sist oppdatert: 01.03.2022
Publisert: 01.03.2022