HjemNyheterVatningsforbodet sett på vent

Vatningsforbodet sett på vent

Tidlegare i sommar vart det innført vatningsforbod i Austrheim, for alle som er tilknytt det kommunale vassverket. 

Frå og med torsdag 9. juli er vatningsforbodet sett på vent, slik at ein igjen kan bruka høgtrykksspylaren og vaska tak eller vegger. Å vatna plantane er vel ikkje heilt aktuelt, etter at det har regna i vinkel i ei veke no.

Men forbodet kan komma tilbake igjen, dersom ein ser at forbruket overstig kapasiteten.

Utfordringa for vassverket i Austrheim er ikkje mengden av vatn inn på anlegget (det vert forsynt frå Alver gjennom ein avtale mellom kommunane), men overføringskapasiten vestover i kommunen mot høgdebassenget på Årås og abonnentane i dette området.

Vassverket er under oppgradering, med nye sjøleidningar og vassleidningar over land, men det vil ta noko tid før kapasiteten er god nok til at alle kan spyla båten, fylla bassenget og spyla huset - samstundes.

Trøysta er at når det er vatningsforbod, så er det i alle fall fint vêr. 


Sist oppdatert: 09.07.2020
Publisert: 09.07.2020