HjemNyheterVatningsforbod i Austrheim

Vatningsforbod i Austrheim

Det er kjekt med sol og varme dagar, det er alle samde om. Og det det ikkje kjekt å sjå at plenen vert brun under sola.

 

Men då det i helga var mange i Austrheim som både skulle vatna plenen, vaska bilen og spyla båten, så vart det problem med vassforsyninga.

 

Det er eigentleg vatn nok inn på det kommunale vassnettet, som er forsynt frå nabokommunen Alver. Men kapasiteten på overføringsnettet vestover til høgdebassenget på Årås er knapp, og med høgt forbruk over tid vert det etter kvart manko på vatnet.

 

Kapasiteten er no under utbygging, mellom anna skal det byggast ny vassleidning frå Vardetangen til Utkilen, og etter kvart vidare til Mastrevik. Utbygginga av vassnettet er i utgangspunktet sjølvfinansierande, det vil seia at med auka utbygging så aukar også vassavgifta. Det har den gjort i Austrheim det siste året, etter vedtaka kommunestyret har gjort om vassavgift og utbygging.

 

Vatningsforbodet gjeld inntil vidare.


Sist oppdatert: 17.06.2020
Publisert: 17.06.2020