HeimNyheterInnført vatningsforbod

Innført vatningsforbod

Med varme dagar er det mange som koplar på hageslangen. Så mange at høgdebassenget på Årås tømmest fortare enn kva ein klarer å etterfylla. No er reserven liten, og det kan få store følgjer dersom Austrheim får ein brann av den typen Øygarden har i desse dagar.

Det er difor innført vatningsforbod frå og med i dag torsdag 1. juli og inntil vidare. Forbodet gjeld dei som er kopla til det kommunale vassverket. Har du brønn kan du plaska det du er god for, til den eventuelt går tørr.

Forbodet omfattar mellom anna:

  • Vatning av plenar
  • Spyling av bil eller båt heime i tunet
  • Fylling av basseng (plaskebassenget til 1-åringen din er greitt)
  • Høgtrykksspyling av huset

Kommunen har måling av forbruket, og sist helg var det høgt. Også utover veka har det vore så høgt at ein ikkje klarer å etterfylla høgdebassenget i løpet av natta. Med ein ny varm helg i vente vil ein med dagens forbruk risikera å gå tørr. Tar det fyr i skog , gras eller hus, må vatnet då hentast med tankvogn.

Vatningsforbodet gjeld også abonnentane på Kaland/Fonnes-sida av kommunen. Høgt forbruk her reduserer kapasiteten vidare vestover, og det vil ta meir tid å fylla høgdebassenget.

Kommunen jobbar med å betra vassforsyninga frå Alver kommune og fram til høgdebassenget på Årås. No nyleg har Fiskeridirektoratet og Kystverket gitt dei naudsynte løyva til legging av overføringsleidning i sjø frå Utkilen til Mastrevik. Denne sjøleidningen og tilhøyrande anlegg er også del av reservevassforsyninga, som skal sikra at det er vatn i krana sjølv om det går hol i ein sjøleidning eller liknande.

Denne informasjonen går ut via nettsida, Facebook og som SMS til fastbuande. Ser du ein hyttenabo som kanskje ikkje har fått med seg at det skal sparast på vatnet, er det OK å be vedkommande om å setta knute på slangen.

 


Sist oppdatert: 01.07.2021
Publisert: 01.07.2021