Stenger vatnet i dag 26. september. Mastrevik - Ulvøy
Vi er framleis på leit etter lekkasje i Toftegårdsområdet. Du som bur mellom Mastrevikkrysset og Ulvøy kan miste vatnet, heilt eller delvis mellom klokka 13:30 og 14:30.
Stenginga gjeld ikkje Myravegen, men for å vere heilt sikker er SMS sendt ut til eit stort område.
Tapp det vatnet du treng i denne tida, og ikkje start vaskemaskin, oppvaskmaskin eller anna som treng vatn.
Når vatnet er kopla på at kan det vere litt misfarga, det kjem av at avleiringar i røyrnettet løsnar når trykket vert sett på att. For å unngå å få desse avleiringane inn i varmvasstanken og oppvaskmaskina, er det bra å tappa kaldt vatn frå den krana som er nærast inntaket, til det er reint.
Sist oppdatert:
26.09.2024
Publisert:
26.09.2024