Vårryddedagen - laurdag 18. mars
Målet med Vårryddedagen er å ha ein felles ryddedag når avfall kjem til syne etter snøsmeltinga, og før hekketida for ulike fugleartar er i gang for fullt. Frå 15. april er det ferdselsforbod i område med hekkande fugl, slik at rydding i desse områda må gjerast unna før det.
Har du lyst til å delta på vårryddedagen?
NGIR deler ut strandryddesekkar og hanskar til alle som vil delta i ryddeaksjonen. Utstyr kan du henta i resepsjonen i Kjevikdalen, måndag til fredag 08.00-15.30, eller i ein av strandryddekassane som er plasserte ut i regionen.
Du kan rydda langs elver, innsjøar, strender, holmar, øyer, stiar eller andre stader med eigarlaust avfall.
Registrer gjerne aksjonen din på www.ryddenorge.no eller i appen Rydde til smarttelefon, som du kan lasta ned frå App Store eller Google Play.
NGIR hentar avfallet
Når du er ferdig med ryddejobben tar du kontakt med NGIR på e-post strandrydding@ngir.no, for å avtala henting av avfallet. Tar du på deg å rydda større område, kan du gjera avtale med NGIR om utplassering av konteinar.
Det er sjølvsagt lov å rydda på andre dagar i året enn på strandryddedagen, men NGIR minner om at etter 15. april må ein ta ekstra omsyn i område der det kan vera hekkande fuglar.
STRANDRYDDING: Foto Irene B. Fossheim, NGIR.