HjemNyheterVardebrua - gangbrua som skal binda folk saman

Vardebrua - gangbrua som skal binda folk saman

Gangbrua Vardebrua skal gå over fylkesveg 565 og binda saman Fonnes og Kaland i Austrheim kommune.

Gangbrua er krona på verket for totalt 600-700 meter gang- og sykkelveg som er bygd dei siste åra. Arbeidet med å forlenge gang- og sykkelvegen med brufeste på begge sider er ferdig. No ventar me berre på Vegdirektoratet. Dei skal godkjenna komposittbrua. Kor tid dei vert ferdig med godkjenninga, det har dessverre ikkje Austrheim kommune fått svar på.


Sist oppdatert: 29.06.2021
Publisert: 29.06.2021