HjemNyheterVardebrenning på Vardetangen

Vardebrenning på Vardetangen

Vardetangen

Fredag 20. september skal det markerast i heile regionen at Nordhordland med nabokommunar har fått status som UNESCO biosfæreområde. Hovudarrangementet vert på Håøytoppen i Meland, men også her i Austrheim skal det tennast varde klokka 21.00 på fredagskvelden, samstundes med alle dei andre eigarkommunane for prosjektet.

Uteetaten i kommunen lagar til eit vardebål på Vardetangen, og så er alle inviterte til å ta turen ut for å delta i markeringa. Det er ein fin tur anten ein går via friluftsområdet i Årvika, eller går frå hurtigbåtstoppet Vardetangen.

Statusen som UNESCO biosfæreområde inneber at dei 11 kommunane som er med vert landets første utviklingsområde for FN sine berekraftsmål. 

Les meir her: Nordhordland blir biosfæreområde

Hovudarrangementet vert altså på Flatøy i Meland, med kveldsvandring til Håøyfjellet og tenning av berekraftsflammen på Håøyveten.

Les meir om markeringa på Håøy her: 


Sist oppdatert: 18.09.2019
Publisert: 18.09.2019