HjemNyheterVal 2019 - Manntall

Val 2019 - Manntall

No er manntalet tilgjengeleg i servicekontoret og på biblioteket.

Alle som har stemmerett er manntallsført. Kvar du er
manntallsført og har stemmerett er avhengig av i kva kommune
du er folkeregistrert som busett 30. juni i valåret. Denne
datoen vert kalla skjeringsdatoen. Om du registrerer flytting til
ein annan kommune etter 30. juni i valåret, har du stemmerett
i din gamle bustadkommune.

Om du registrerer flytting før 30.
juni vil du ha stemmerett i din nye bustadkommune. 

Sametingets valmanntal er også lagt ut. 


Sist oppdatert: 12.07.2019
Publisert: 11.07.2019