Vaksineringa har starta - nye reglar for test ved innreise
I vår kommune held testinga i regi av legekontoret fram som før, med testing tre dagar i veka. Den siste månaden er det ingen nye som har fått stadfesta smitte i Austrheim, sannsynlegvis på grunn at folk tek på alvor dei tiltaka som er innførte nasjonalt for å halda smittetalet nede.
Vaksineringa er i gang, og i første omgang var det denne veka bebuarar på Nordliheimen som fekk vaksine. No er det vaksinen utvikla av Pfizer som vert gjeve, slik at dei som får no skal ha ein dose nummer to etter 21 dagar.
Neste veke får kommunen nye dosar, men det er små mengder så langt, og legekontoret har oversikt over kven som får tilbod. Det er ikkje behov for å ringa legekontoret om dette.
Nasjonale tiltak gjeld til 19. januar
Dei nasjonale tiltaka som det vart orientert om 3. januar, er 6. januar forlenga med ein dag, slik at dei varer til og med tysdag 19. januar. Du kan lesa meir om dette på denne sida hjå Regjeringa, og sjå på biletet under:
Klikk her for å lasta ned biletet som PDF:
Reglar for registrering ved innreise
Regjeringa har bestemt at alle som reiser inn til landet må setja seg inn i viktig informasjon om innreiseregistrering, innreisekarantene, testplikt og karantenehotell. Alle som reiser til Norge frå raude land skal registrera seg før dei krysser grensa. Dette gjeld også norske statsborgarar.
Innreisande skal registrera seg før ankomst til Norge, og reisa kan berre registrerast når det er mindre enn 72 timer til innreisetidspunkt.
Her på denne linken til regjeringen.no kan du lesa meir om innreiseregistrering.
På denne linken til regjeringen.no kan du gå direkte til digital innreiseregistrering.
Information in english and other languages
To improve infection control, several measures have been introduced regarding travel to Norway. All persons travelling to Norway from red countries/regions are required to familiarise themselves with important information about entry registration, entry quarantine, test obligation and quarantine hotels.
Use this link or scan this QR code (below) to read more: