HjemNyheterVaksinering mot sesonginfluensa, og Covid-vaksine

Vaksinering mot sesonginfluensa, og Covid-vaksine

Tilbod om vaksinering mot sesonginfluensa, og om Covid-vaksine, i Austrheimhallen torsdag 24. oktober og torsdag 7. november.
Publisert: 01.10.2024
Sist endra: 14.10.2024
  • Vaksineringa er frå klokka 16.30 til 18.30 torsdag 24. oktober og torsdag 7. november, i Austrheimhallen.
  • Det er ikkje timebestilling, møt opp i tidsrommet og få vaksine.

Influensavaksine vert gitt desse målgruppene:

  1. Alle over 65 år
  2. Alder 6 månader til 64 år som er i risikogruppe (sjå under om råd frå Folkehelseinstituttet)
  3. Alder 12 til 17 år med alvorleg grunnsjukdom
  4. Gravide i 2. eller 3. trimester, vaksinering kan vurderast for gravide i 1. trimester dersom den gravide har tilleggssjukdommar som gir auka risiko
  5. For tidleg fødde barn (særleg dei som er fødde før 32. veke) kan få vaksine frå dei er 6 månader til dei er 5 år.
  6. Bebuarar på sjukeheimen får tilbod om vaksinen der.

Covid-vaksine vert gitt desse målgruppene:

  1. Alle over 65 år
  2. Alder 18 til 64 år som er i risikogruppe (sjå under om råd frå Fokehelseinstituttet)
  3. Alder 12 til 17 år med alvorleg grunnsjukdom
  4. Alder 6 månader til 11 år med alvorleg grunnsjukdom og legevurdering
  5. Gravide i 2. eller 3. trimester. Vaksinering kan vurderast for gravide i 1. trimester dersom den gravide har tilleggssjukdommar som gir auka risiko
  6. Bebuarar på sjukeheimen får tilbod om vaksinen der.

Pris for vaksinering

  • Influensavaksinen kostar kr 200 for alle.
  • Du kan betala med Vipps, eller med kontantar. Skal du betala kontant, ta gjerne med akkurat sum.
  • Covid-vaksine er gratis.

Risikogrupper - råd frå Folkehelseinstituttet

FHI rår til at desse gruppene tar influensavaksine: 

  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko 
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år.
  • Barn og vaksne med:
    • Diabetes type 1 og diabetes type 2
    • Kronisk lungesjukdom, inkludert astma
    • Hjarte- og karsjukdom
    • Leversvikt eller nyresvikt
    • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • Nedsett immunforsvar
    • Svært alvorleg fedme (kroppsmasseindeks over 40)
    • Annan alvorleg eller kronisk sjukdom som legen din meiner kan gjere deg ekstra utsett ved influensa

FHI rår i tillegg desse gruppene til å ta vaksine:

  • Helsepersonell og andre tilsette med pasientkontakt
  • Personar som bur saman med (eller tilsvarande nære) immunsupprimerte pasientar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
  • Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl

Klikk her for å sjå kva Folkehelseinstituttet skriv om influensavaksine

Klikk her for å sjå kva Folkehelseinstituttet skriv om Covid-vaksine

Vaksine mot lungebetennelse

Det vert ikkje sett vaksine mot lungebetennelse i samband med vaksineringa i Austrheimhallen. Dei som ønskjer slik vaksine (Pneumovax) anten første gong eller som oppfrisking, må ta kontakt med legekontoret for å få time og få bestilt vaksine.

Rådet er at Pneumovax vert oppfriska kvart 6. år.