HjemNyheterVaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio

Vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio

På grunn av auka risiko for smitte og vidare spreiing av smitte til sårbare pasientar, er dette spesielt viktig for helsepersonell.
I barnevaksinasjonsprogrammet får barn totalt fem dosar med vaksine mot difteri, tetanus, kikhoste og polio. Den siste blir gitt på 10. klassetrinn.

Etter dette tilrår Folkehelseinstituttet at grunnvaksinerte personar får oppfriskingsvaksine mot desse sjukdommane om lag kvart 10. år. (Dette er i tråd med fleire andre land, som Danmark, England og USA.)

Dette gjeld alle personar, uavhengig av kvar dei skal opphalda seg i Noreg eller om dei skal reisa.

Det finst ikkje tilgjengeleg enkeltkomponentvaksine mot alle desse sjukdommane. Oppfriskingsvaksine til vaksne mot desse sjukdommane er tilgjengeleg i Noreg som ein kombinasjonsvaksine mot difteri, tetanus, kikhoste og polio (DTP-IPV).

Gravide blir tilrådde vaksine i veke 24, for dei er tilbodet gratis.

Kommuneoverlegen


Sist oppdatert: 17.06.2024
Publisert: 17.06.2024