HeimNyheterUtskriving av eigedomsskatt 2022

Utskriving av eigedomsskatt 2022

Utskriving av eigedomsskatt

Med heimel i vedtak i budsjettvedtaket i kommunestyret 16. desember 2021 (sak 097/21) og seinare vedtak om endringar og nyutskrivingar, har Eigedomsskattekontoret i sak 001/21 gjort vedtak om utskriving av eigedomsskatt for skatteåret 2022.

Vedtaket frå kommunestyret i sak 097/21 er slik:

Kommunestyret skriv ut eigedomsskatt på næringseigedom, kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum jf. eigedomsskattelova (esktl.) § 3 første ledd bokstav d. Eigedomsskattesatsen vert vidareført med 7 promille.

Utskrivingsalternativet omfattar også flytande oppdrettsanlegg i sjø, jf. Esktl. § 4 tredje ledd. Takstvedtekter for eigedomsskatt i Austrheim kommune vedtatt i kommunestyret i K-sak 083/17 i møte 14.12.2017, skal gjelde for eigedomsskatteåret 2022, jf. esktl. § 10.Kommunen vil i 2022 skrive ut eigedomsskatt på eigedommar som tidlegare var rekna som «verk og bruk» på eit «særskilt fastsett grunnlag» med heimel i overgangsregelen til eigedomsskattelova §§ 3 og første ledd. Det særskilde grunnlaget skal i 2022 være lik 3/7 av differansen mellom eigedomsskattegrunnlaget i 2018 og 2019 som er forårsaka av at produksjonsutstyr- og installasjonar ikkje skal reknast med i grunnlaget.

Kommunen vil i 2022 skrive ut eigedomsskatt på bygningar og grunnareal så langt desse var omfatta av eigedomsskattegrunnlaget for verk og bruk i 2018, jf. overgangsregelen til eigedomsskattelova §§ 3 og 4 andre ledd. Eigedomsskatten vert skriven i samband med kommunale avgifter. Siste alminnelege taksering I kommunen vart gjennomført I 2018 og 2019.

Innbetaling av eigedomsskatt

Eigedomsskatten følgjer andre kommunale krav og blir fakturert to gonger i året. Eigedomsskatten skal ytast til fastsett tid og med dei summane som først er fastsette, endå om det er sendt inn klage over utskrivinga eller utskrivingsgrunnlaget, eller dei står under prøving for ein klageinstans eller domstolane, jf. eigedomsskattelova § 25.

Taksering av eigedommane i Austrheim kommune

Austrheim kommune vedtok i sak KS-173/15 å utvida eigedomsskatt frå verk og bruk, til verk og bruk og anna næring, frå og med skatteåret 2017. Eigedomsskatten vert skriven ut i samsvar med eigedomsskattelova §§ 2, 3d, 10 og 11, samt vedtekter vedtatt av kommunestyret 15.12.2018.

Taksten på eigedomen kjem fram som følgje av mellom anna verdianalysar av området, faktaopplysningar om tomt og bygg og skjønnsmessig vurdering av kvar einskilt eigedom. Takstane er vedteke av ei politisk oppnemnt nemnd, sakkunnig nemnd, i sak SNE-004/17 og med seinare vedtak om endringar og nyutskrivingar. Nemnda er ansvarleg for å finne tilnærma marknadsverdi for eigedomane, jf. eigedomsskattelova § 8 A-2 Verdet:

«(1) Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal.»

Alle eigedomar som skal takserast er synfara og alle bebygde eigedomar er fotografert av synfaringsmenn. Synfaringsmenna har kontrollert faktaopplysningar for alle bygg som skal takserast, mellom anna byggtypar og bruks-areal fordelt på etasjar, og gjort vurderingar om forhold på og rundt eigedomane som påverkar verdien til den einskilde eigedom.

Berekning av takst og skatt

Sakkunnig nemnd har i sak SNE-003/17 fastsett rammer og retningsliner for taksering, og seinare revisjonar som følgjer av lovendringar.

Fritak frå eigedomsskatt

Einskilde eigedomar skal ha heilt eller delvis fritak frå eigedomsskatt. Dette går fram av § 5 i eigedomsskattelova.

Kommunestyret i Austrheim har vedteke å frita helt eller delvis «eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten», i høve til § 7 a i eigedomsskattelova, og «bygg som har historisk verde» i høve til §7 b. Komplett liste over dei eigedomar og bygg som vert friteken er lagt ut til offentleg ettersyn. Eigar eller festar som meiner dei skulle ha hatt fritak, men ikkje har fått det, kan søkje om fritak.

Samanføying

Eigedomar på same gardsnummer med fleire bruksnummer kan søkje om samanslåing hjå kommunen. For nokre eigedomar vil samanslåing kunne gje redusert tomtetakst. Samanslåing er kostnadsfri.

Offentleg ettersyn

Skatteliste, fritaksliste og sakkunnig nemnd sine rammer og retningsliner ligg tilgjengeleg i 3 veker frå 1. mars på følgjande stader:

  • Servicekontoret i kommunehuset på Austrheim
  • Kommunen si heimeside

Klage på eigedomstaksten

Ein eventuell klage må sendast kommunen innan 6 veker frå 1. mars. Ein klage må være skriftleg, og den må vere underskriven. Du finn klageskjema både på servicekontoret i kommunehuset på Austrheim og på kommunen si heimeside.

Kontaktinformasjon

Ønskjer du nærare opplysningar om korleis eigedomen din er taksert eller har andre spørsmål om eigedomsskattevedtaket kan du ta kontakt med kommunen sitt eigedomsskattekontor.

Telefon: 56 16 20 00.

Skriftleg kontakt og klage skal sendast til:

Austrheim kommune

  • Eigedomsskattekontoret
  • Sætremarka 2
  • 5943 Austrheim
  • E-post: post@austrheim.kommune.no

Vedlegg:

Skatteliste 2022

 


Sist oppdatert: 01.03.2022
Publisert: 01.03.2022