HeimNyheterUtsette politiske møte

Utsette politiske møte

Kommunal kriseleiing har 11. mars vurdert den planlagde møteaktiviteten framover, med tanke på den pågåande smittesituasjonen for Korona. Dette er gjort av endringar per no:

Formannskapet torsdag 19. mars er flytta frå kommunehuset, og til kafeen på samfunnshuset, for å få meir plass mellom deltakarane.

Kommunal kriseleiing har vidare konkludert med at møte som kan utsetjast, vert utsette. Dette gjeld Eldrerådet torsdag 12. mars, og Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 25. mars. Medlemmene i desse to råda har fått melding om at møta er utsette på ubestemt tid, og at det kjem ny innkalling når ny dato er sett.


Sist oppdatert: 12.03.2020
Publisert: 12.03.2020